Det skriv avisa Sunnmøringen.
Midt i den svært omfattande budsjettprosessen i Stranda kommune har rådmann Ann Kristin Langeland sagt opp stillinga si.
Stranda manglar 50 millionar kroner for å få årets budsjett i balanse. Frå før har dei ei gjeld på 890 millionar kroner.
Har søkt i Hornindal
– Eg stadfestar at eg har sagt opp stillinga i Stranda kommune, seier Langeland til Sunnmøringen.
Ho ønskjer ikkje å kommentere kvar hennar neste jobb blir, eller kva yrkesveg ho vel.
Likevel er det kjent at Langeland er éin av søkjarane på den ledige rådmannsstillinga i Hornindal kommune.
Langeland starta som rådmann i Stranda kommune hausten 2010. I desember 2010 søkte ho på rådmannsjobben i Ørsta kommune, men valde å trekkje søknaden trass i eit klart favorittstempel.