Hopp til innhold

Kringkastingsprisen til Arill Riise

«Ein tydeleg og stødig nynorskbrukar med ei medviten haldning til språket sitt.»

Arill Riise

Kringkastingsprisen 2016 gjekk til Arill Riise frå Ørsta.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det er noko av grunngivinga til juryen av Kringkastingsprisen, som i ettermiddag blei tildelt Arill Riise frå Sæbø i Ørsta.

Arill Riise

Kringkastingsprisen 2016 gjekk til Arill Riise frå Ørsta.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Riise byrja i NRK i 1983 men har sidan 2006 vore tilsett i TV2, med ei ankerrolle i hovudsendingane klokka 18.30 og 21.00.

Der får han «synt fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende», skriv juryen.

– Dette er stor stas, seier prisvinnaren.

Han seier som juryen gjer, at det var eit medvite val å bruke nynorsk alt frå starten av si kringkastingskarriere. Det var samtidig eit krav om at den som presenterte nyhende skulle bruke normalisert nynorsk eller bokbål.

Fekk beskjed frå redaktøren

Arill Riise

Også i yngre år var Arill Riise medviten på å bruke normert nynorsk.

Foto: NRK

– Dåverande distriktsredaktør, Asbjørn Gjærde, ga beskjed om at dei nord i fylket ikkje ville forstå dialekta mi, og at eg måtte bruke nynorsk. Det var litt uvant i starten å ikkje kunne bruke Ørsta-dialekta.

Etter kvart blei Riise tryggare og tryggare på målforma, og i dag brukar han den også privat.

– Ikkje heilt som under sending sjølvsagt, heime blir det meir dialekt. Men tonefallet som mange endrar når dei flyttar på seg har eg vore medviten på å halde på. Til dømes då eg budde i Oslo og jobba i Dagsrevyen.

Prisvinnaren har kjempa i mot «språkinga» som mange frå distrikta blir skulda for når dei flyttar på seg. Men han vedgår at ein lett kan bli påverka når det gjeld både ord og tonefall.

– Når sunnmøringar flyttar til Oslo og slår om så blir det litt pinleg. Men eg har berre gjort det som er naturleg for meg, og det er å halde fast på målføret frå Ørsta og den nynorske målforma.

Viktig med kontor i Bergen

Han takkar for dei fine orda frå juryen og er også takksam for det nynorske miljøet han jobbar i. Riise viser til andre nyheitsanker, programleiarar og reporterar i TV2 som og brukar nynorsk.

– Det er fint å ikkje vere åleine, og på mange måtar er TV2 eit nynorsk fyrtårn. Eg trur noko av årsaka er at vi har hovudkontor i Bergen. For det språklege mangfaldet trur eg det er viktig at det blir verande her.

For det var nettopp i Bergen prisen blei delt ut i ettermiddag. Der blei det trekt fram kor viktig det er at dei kommersielle allmennkringkastarane også brukar dei offisielle målformene i landet.

Andre vinnarar

Trude Teige

Trude Teige fekk prisen i 2008.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Det er Kringkastingsringen som kvart år sidan 1978 har delt ut Kringkastingsprisen. Med det er dette ein av dei eldste medieprisane i Noreg. Første gongen gjekk prisen til Hartvig Kiran og Arthur Klæbo. Knut Magnus Berge, Trude Teige, Are Kalvø, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Gry Molvær, Ingolf Håkon Teigene og Oddgeir Bruaset er og mellom dei som har fått prisen.

– Med kloke foreldre og gode lærarar så ser eg ikkje svart på framtida til nynorsken i det heile, avsluttar årets vinnar av Kringkastingsprisen.