Hopp til innhold

KrF kan miste mandatet for første gang sidan 1945

ÅLESUND: Krf sin førstekandidat Steinar Reiten i Møre og Romsdal er meir spent enn dei fleste i kveld. Dersom han ikkje kjem inn på Stortinget er det første gang KrF ikkje er representert på Mørebanken på 72 år.

Steinar Reiten

Steinar Reiten er spent på om KrF beheld plassen på Stortinget.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I 1945 stilte KrF liste for første gang i Møre og Romsdal, og då fekk partiet inn tre representantar på Stortinget. Den eine var bestefaren til toppkandidat, Steinar Reiten. Sidan den gong har partiet hatt plass på Mørebanken.

Meiningsmålingar den siste tida har vist at partiet kan miste plassen på Stortinget. Sidan valkampen starta, har Reiten følt ansvaret, sjølv om han ikkje kjenner det som eit press.

– Eg har ein jobb å gå til dersom eg ikkje kjem inn på Stortinget, så eg er roleg for min eigen del, men eg har eit sterkt ynskje om at den gode rekkja for KrF ikkje må bli broten, seier Reiten. Han er klar for beinhard jobbing på Stortinget med lange arbeidsdagar, men har jobb som ungdomsskulelærar og fylkespolitikar å gå til, dersom valet ikkje ikkje går partiets veg. Måndag kveld er han på valvake i Ålesund saman med rundt 200 andre politikarar og journalistar.

Nesten inne, nesten ute i Møre og Romsdal

Partiene som er nærmest å vinne eller tape en mandat

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Inne

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Inne

Ute

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Ute

Reiten trur at klargjeringa frå partileiar Knut Arild Hareid om at han fredar Erna Solberg som statsminister, sjølv om det ikkje blir i fire år, gjer det klarare for KrF-veljarane.

– Våre veljarar i Møre og Romsdal er konservative, seier Reiten. At Sylvi Listhaug (Frp) har vendt seg til dei kristne veljarane, trur ikkje Reiten betyr noko no. Han trur lekkasjane til FrP er ferdige.

Reiten er ikkje nervøs, sjølv om det vert ein spanande kveld.

– Det kjem til å bli ein thriller, seier Reiten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL