Hopp til innhold

Hans (73) kan misse fiskeplassane for funksjonshemma

Hans Muri har på eige initiativ bygd veg og tre spesielt tilpassa fiskeplassar for funksjonshemma ved lakseelva Valldøla. No kan han bli tvinga til å rive alt.

Hans Muri

Hans Muri har brukt store ressursar på å byggje veg og fiskeplassar ved Valldøla på Sunnmøre. Han er sjølv funksjonshemma og meiner det er stort behov for eit slikt tilbod.

Foto: Øyvind Sandnes

Onsdag føremiddag var ein heil delegasjon på synfaring ved den populære lakseelva Valldøla på Sunnmøre, og fremst køyrde initiativtakar Hans Muri. Han har på eige initiativ bygd veg og tre spesielt tilpassa fiskeplassar slik at funksjonshemma kan få oppleve laksefisket.

– For å ha noko å aktivisere sånne som treng det, og som kanskje har problem med å fungere i det daglege liv, forklarer Hans Muri.

Slår fast at det er ulovleg

Muri søkte i 2014 om å få byggje tre fiskeplassar inne ved elvebreidda. Styresmaktene hevdar han i staden, sakte, men sikkert har fylt opp og bygd ut ein 150 meter lang veg og tre fiskeplassar som på det breiaste strekkjer seg 16–17 meter ut i elva. Dei fryktar at utbygginga kan føre til flaum i det utsette området, og slår fast at tiltaket er ulovleg.

Jon Ivar Eikeland

Plansjef Jon Ivar Eikeland hos Fylkesmannen meiner kommunen burde reagert før då dei såg gravemaskiner ute i Valldøla, eit varig verna vassdrag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det er eit veldig stort inngrep i eit verna vassdrag og midt i Valldal sentrum. Det at ein kan ta seg til rette og gjere noko slikt utan at det er behandla etter plan -og bygningslov, syns vi er rart, seier plansjef Jon Ivar Eikeland hos Fylkesmannen.

Kritikk mot kommunen

Fylkesmannen meiner kommunen ikkje har vore aktive nok i saka, og får støtte frå naboen på den andre sida av elva.

– Dei er ganske flinke med å passe på andre innbyggjarar dersom dei har feil takvinkel og byggjer litt for mykje, så det er litt rart at kommunen som nesten er næraste naboen ikkje grip inn, seier Karl Jostein Rødset.

Avviser kritikken

Arne Sandnes

Ordførar Arne Sandnes i Norddal avviser ta kommunen har vore for tafatte.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ordførar Arne Sandnes karakteriserer saka som ein snakkis i bygda og seier han har fått mange klagar. Men han avviser at kommunen burde reagert før, og seier det først i vår blei klart at prosjektet var blitt langt meir omfattande enn omsøkt.

– Eg vil meine at vi har vore aktive, vore på hogget, men vi har venta på at også Fylkesmannen og NVE skal kome på banen og seie sitt omkring det, seier han.

Kan måtte rive

Veg ved Valldøla

Den omstridde vegen ved Valldøla er plassert utanfor den opphavlege elvebreidda. Målet var å sikre tilkomst for laksefiskarar i rullestol. No kan alt bli rive.

Foto: Synnøve Hole / NRK

På møtet i Valldal onsdag bad Fylkesmannen om at saka no blir behandla etter plan- og bygningslova og sendt ut på høyring. I verste fall kan utfallet bli at heile anlegget må rivast.

For han som har brukt pengar og tid på prosjektet er eit slikt resultat annleis enn han håpte.

– Ein tenkjer på kva det kunne blitt, dersom ein blei samde om ting, og det ikkje var slik som her. Ein går og skubbar på kvarandre, nei, uffa, meg, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL