Hopp til innhold

Krev betre ferjekapasitet til Aasta

To ferjer, med skytteltrafikk på strekninga Aukra – Hollingsholmen. Det blir behovet når Aasta Hansteen-utbygginga tek til, seier Aukra-ordføraren.

Bernhard Riksfjord.

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord meiner betre ferjekapasitet må til når Aasta Hansteen-utbygginga tek til.

Foto: Øystein Windstad / NRK

I formiddag legg ordførar Bernhard Riksfjord i Aukra fram saka for samferdsleavdelinga i fylket.

– Som alle veit så skal Stortinget no behandle ei store utbygging i Nyhamna i Aukra, og det krev større ferjekapasitet og lenger opningstider, meiner Riksfjord.

– Behovet er der no, og blir endå større.

– Har ei viss forståing

Riksfjord håper no at Fylkeskommunen ser behovet.

– Ser vi på den siste ferjestatistikken, frå april i år, så hadde Aukra – Hollingsholmen ein vekst på 17,2 prosent. Dei andre låg frå tre til 5–6 prosent.

Auken har vore stor etter Ormen Lange-utbygginga, og ordføraren håper og trur at Fylkeskommunen har forståing.

– Eg håper og trur dei kan vere behjelpelege, og eg oppfattar at dei har ei viss forståing.

Størst trykk om morgonen

Behovet på ferjestrekninga er mest prekært tidleg på morgonen.

– Det er frå tidleg om morgonen til litt ute på kvelden.

– Samstundes veit vi at det å stenge ein fylkes- eller riksveg i 5–6 timar på døgnet ikkje går an når eitt av Europa sine største industri-byggeprosjekt skal startast frå hausten av, seier Riksfjord til NRK.

Byggeprosjektet skal skje over 4–5 år, og eit utvida ferjetilbod kan bli høgst naudsynt.

– På sikt, og snarast mogleg, håper vi i tillegg på tobilsferje på strekninga.

Riksfjord forventar ikkje svar frå Fylkeskommunen i dag, men meiner dette kan løyse seg relativt kjapt. For kommune, næring og andre aktørar står samla.

– Ein stor krets kan setje seg ned og få det fram, og vi trur dette vil ordne seg på ein fornuftig måte for alle trafikantane, avsluttar Aukra-ordføraren.