Hopp til innhold

Riksfjord: – Kakestykke til alle

7. juni vert ein merkedag for Aukra når Stortinget skal vedta utbygging av gassfeltet Aasta Hansteen, røyrleidningen Polarled og gassanlegget på Nyhamna.

Bernhard Riksfjord

Ordførar i Aukra kommune, Berhard Riksfjord, ser fram til å feire at Stortinget vedtek utbygginga av Aasta Hansteen-feltet den 7.juni.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi skal ha ei nøktern og alminneleg feiring.

Det seier ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord frå Arbeiderpartiet.

Når ein er med i ei europeisk industribygging skal ein vere nøktern. Det vil like fullt vere naturleg at alle er med og feirar at dette er bra for Noreg, Møre og Romsdal, og sjølvsagt Aukra.

Gigantutbygginga av Aasta Hansteen-feltet er ifølgje Petro Artic kostnadsrekna til 32 milliardar. Feltet vil bli knytt til Nyhamna i Aukra med ei gassrøyr til 15 milliardar kroner. Det er spådd at utbygginga vil få store ringeverknader for Møre og Romsdal.

I går vart det klart at Olje- og Energikomiteen går inn utbygging, og saka vil etter alt sannsyn bli banka igjennom i Stortinget fredag 7.juni.

Aasta Hansteen til Aukra

Utbygginga av gassfeltet Aasta Hansteen kan få store ringeverknader for Møre og Romsdal.

Foto: illustrasjon / NRK

Mange kakestykke

– Gjer det godt vere ordførar i Aukra kommune no?

– Ja, det er skjer mykje og det er veldig mykje positivt. Når du føler at du endeleg lukkast etter mange oppturar og nedturar, er det kjekt å kunne representere Aukra kommune.

Han legg til at det er sterk vilje og eit samla administrativt og politisk miljø i Aukra som har vore med å gjere prosjektet mogleg.

– Såg mørkt ut

Riksfjord innrømmer at det såg litt mørkt ut i starten då Statoil-leiinga signaliserte at Aasta Hansteen skulle gå forbi Møre og Romsdal og til Kårstø- Kollsnes.

– Men med målretta arbeid og sjølvsagt med partnarskapet sin kompetanse, så har det gjort at dette no er stort for oss. Det vart lukkelegvis Nyhamna på Aukra som vart ilandføringsstaden for Aasta Hansteen, avsluttar den stolte ordføraren.