Bernd Müller (Foto: NRK)
Ber om svar
Müller fryktar at mangel på statlege pengar gjer det vanskeleg å realisere byggeplanane. Han ber regjeringa kome på banen og gje eit signal om korleis eit nytt sjukehus skal finansierast.
Nedslite
Den gamle sjukehuset i Molde er svært nedslite, og det er inga usemje om behovet for nytt sjukehus i Molde. Spørsmålet er kor fort det kan skje, og det er eit økonomisk spørsmål.
Ikkje pengar
Müller viser til eit brev som Helsedepartementet sende 18. juni i år. Det brevet var ein kalddusj, seier Müller. Departementet gir klar beskjed om at det ikkje er pengar til å realisere dei vedtaka som er gjort om bygging.
Det har skapt usikkerheit, seier Bernd Müller.