Hopp til innhold

Krev lovas strengaste straff for overlagt drap, valdtekt og tre drapsforsøk

Aktor krev at mannen som valdtok og drap Helen Luel Asefaw (24) i Molde i november må i fengsel i 21 år. Få minutt etter drapet gjekk han til angrep på ein familie i nabolaget.

Inger Myklebust

Aktor i saka etter valdtekta, drapet og tre drapsforsøk i Molde er Inger Myklebust.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Heilt sidan drapsnatta har tiltalte hevda at han ikkje hugsar noko, verken frå førebuingane, valdtekta, drapet og valdshandlingane. Men kriminaltekniske bevis og vitneskildringar knyter han til begge åstadene. Den tiltalte vedgår at han må ha noko med saka å gjere, men nektar straffskuld fordi han ikkje hugsar.

– Det finst ikkje noko belegg for at tiltalte ikkje skulle hugse det han har gjort. Tvert om har tiltalte planlagt og gått målretta både til huset til kona si og til huset der familien som hjelpte henne budde, sa aktor Inger Myklebust under prosedyren.

Her skjerpa ho også tiltalen til å gjelde valdtekt, drap og tre drapsforsøk. Ho meiner det ikkje finst formildande omstende. Aktor hevda at det er snakk om overlagt drap.

– Dette er eit klassisk partnardrap,sa Myklebust til NRK.

Under sin prosedyre minte forsvararen om at tiltalte ikkje hugsar det som skjedde og at han nektar straffskuld.

– Dermed legg eg ned påstand om at tiltalte må frifinnast. Subsidiært bed eg om at han må behandlast på mildast mogleg måte, sa forsvarar Roy Peder Kulblik.

– Drøymde om eit trygt liv

I prosedyren sin la aktor Inger Myklebust vekt på at det var tiltalte si frykt for å miste kona si som dreiv han fram mot valdtekta og drapet. Ho hevda at drapet var gjort med overlegg.

– 24 år gamle Helen Luel Asefaw drøymde om eit liv i tryggleik utan frykt. Ho drøymde om eit liv i fridom der ho kunne ta seg av sonen sin, køyre bil og ein gong i framtida velje den mannen ho ville leve livet med sjølv. Tiltalte sørga for at ho blei frårøva dette, sa aktor.

Massiv vald

Helen Luel Asefaw blei drepen med massiv vald. Tiltalte brukte ei vektløftarstong som blei slått med stor kraft mot hovudet hennar.

– All frykt ho til då hadde følt overfor tiltalte blei ein realitet, sa aktor.

Knust vindu - drapssak Molde

Tiltalte knuste dette vindauget og bana seg veg inn til Helen Luel Asefaw. Han er tiltalt for å ha valdteke og drepe henne.

Foto: Politiet

– Send politi med ein gong

Det var ei ung gutestemme som natt til 24. november ringde naudsentralen med det første teiknet på at noko var verkeleg gale var på gang i eit bustadstrok i Molde.

Hallo vi treng hjelp!

– En mann drep storebroren min!

– De må sende politi hit med ein gong!

– Send ein bil med ein gong – please!

(Frå lydlogg som blei spelt av i retten)

Når 15-åringen i Boråsvegen i Molde ringjer står han midt i eit kaos av vald, blod og knuste glasskår.

Storebroren ligg blodig og livstrugande skadd på golvet framfor han. Rundt han har det akkurat vore eit basketak. Far og ein annan storebror har klart å overmanne gjerningsmannen. Også småsøskena har vakna. Deriblant veslejenta som blei fødd for litt over ein månad sidan.

Verandadør til familien i Molde - drapsforsøk mot to - kroppsskade mot ein.

Her knuste tiltalte verandadøra og bana seg veg inn til ein familie i nabolaget. Familiefaren hadde hjelpt Helen Luel Asefaw og tiltalte i ekteskapet. På denne adressa er gjerningsmannen tiltalt for tre drapsforsøk.

Foto: Politiet

– Høyrde lyden av knust glas

Ti minutt tidlegare, i eit anna hus i nabolaget har allereie huseigaren i Rypevegen vakna. Han har høyrt ein lyd. Eller kan han ha drøymt? Han kjem til at lyden var verkeleg.

Frå vindauget sitt ser han ein mann i kvit hettegenser springe frå staden.

Han blir uroleg og går ut. I sokkeletasjen bur Helen Luel Asefaw.

Brått oppdagar han at eit vindauge i sokkelleilegheita er knust. Han høyrer ingen lydar frå innsida. Det er tydeleg for han at han må ringe politiet.

Hallo. (Han presenterer seg). Det har hendt noko ved huset mitt som gjer meg bekymra. Her er knust eit vindauge i ei leilegheit der eg leiger ut ...

Politiet: – Det har vore ein hending ikkje så langt unna. Det kan vere ein samanheng. Kan du gå ned og sjå? Ha på telefonen og gå ned!

– Dette er eit drap

Huseigaren er redd. Det er mørkt. Og han har sett ein mann springe vekk. Han opnar døra. Politiet kan høyre alt som skjer. Han ropar inn i leilegheita:

Hallo! Er det nokon her?

Det er stille. Huseigaren går lenger inn. Brått seier han forskrekka.

– Dette er eit drap. Her ligg det eit drepe menneske!

(Frå lydlogg avspelt i retten)

Dette blir starten på ei omfattande etterforsking.

Det er 24 år gamle Helen Luel Asefaw som ligg der drepen.

Vektstang brukt under drap og drapsforsøk Molde

Kriminaltekniske bevis tyder på at gjerningsmannen har brukt denne vektstonga til både våpen og verktøy til å bane seg inn på dei to forskjellige åstadene.

Foto: Politiet

Sjalusi

I over to veker har tilhøvet mellom mannen som valdtok og drap og ektefellen blitt bretta ut. Og mange av dei som prøvde å hjelpe, og som blei angripne, har vitna. Retten har fått innblikk i kjensler som var i kok, i sjalusi, redsle, kjensla av ikkje å bli forstått og grufull vald.

Aktor hevda i prosedyren at den tiltalte ikkje har evne til å gjere rett for seg.

– Gong på gong har han nekta for det han har gjort, både overfor Helen, dei som ville hjelpe henne og no her i retten, sa aktor.

Advokat Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er forsvarar for tiltalte.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Kriminaltekniske bevis

Det er ingen augevitne til valdtekta og drapet. Men dei kriminaltekniske prova er overveldande. Det er funne blodspor og andre former for DNA-spor på staden. Ei vektstong som blei brukt på den andre adressa, i Boråsvegen, hadde også DNA frå Helen.

Angreip familie etter valdtekta og drapet

Rett etter valdtekta og drapet oppsøkt tiltalte ein familie i nabolaget. Faren i denne familien hadde engasjert seg for å hjelpe Helen Luel Asefaw og tiltalte i ekteskapet sitt. Etter kvart hadde han skjønt at tiltalte måtte forandre seg og at Helen levde i frykt.

– Berre nokre få minutt etter drapet og valdtekta knuser han verandadøra til denne familien. Her påfører han ein 17 år gamal gut livstrugande skadar og prøver å ta livet av familiefaren, sa aktor.

– Ingen bevis for at han kom til familien for å drepe

Forsvarar Roy Peder Kulblik Hevda at tiltalte må ha «gått i svart», og at retten må ta utgangspunkt i at tiltalte faktisk ikkje hugsar det han har gjort. Han streka også under at det er strenge krav til bevis for å kunne døme tiltalte for drapsforsøka.

– Hadde han ikkje fullbyrdesesforsett kan han heller ikkje dømast for drapsforsøk, sa Kulblik.

– Retten må ha med seg at tiltalte ikkje hugsar. Han er ikkje usamd i bevisa som er lagt fram. Men han har altså svart nei på spørsmålet om straffskuld, la han til.

Forsvararen la likevel til at blodspor viser at tiltalte må ha vore i umiddelbar nærleik under drapet. Og det herskar ikkje tvil om at det var tiltalte som bana seg veg inn til familien i nærleiken ved å slå inn verandadøra.

– Det er ingen bevis for at tiltalte kom dit for å drepe. Ingen veit kva han skulle der. Retten må legge til grunn at 17-åringen kom i vegen for tiltalte, sa forsvararen. Tiltalte skulle ha tak i familiefaren, la han til.

– Vi veit ikkje kva tiltalte hadde tenkt å gjere om han fekk tak i familiefaren. Det er lett å tru at han skulle drepe, noko han hadde gjort i det andre husveret. Men vi veit ikkje kva han hadde tenkt å gjere her, sa Kulblik.

Forsvararen hevda også at skadane på på sonen som tilslutt medverka til å overmanne tiltalte kom som følgje av tumultane og ikkje som følgje av eit forsøk på drap.

– Retten må også ta omsyn til tiltaltes tilstand, sa aktor. Psykiatrisk sakkunnige har gitt tiltalte diagnosen «marginalt intelektuell fungering».

– Tilfeldig at det ikkje blei fleire drap

Aktor hevda i prosedyren at det berre var tilfeldig at hendingane ikkje enda i fleire drap.

– Hadde ikkje 17-åringen fått rask legehjelp tyder mykje på at også han hadde mista livet, sa aktor. 17-åringen har skadar som sannsynlegvis vil følgje han livet ut.

Aktor hevda at tiltalte kom til denne adressa for å ta livet av familiefaren.

– Det er ingen tvil om at målet til tiltalte var å ta livet av familiefaren, la ho til.

Krev millionerstatning

Bistandsadvokaten til familien som blei angripen la i retten ned krav om erstatningar som samla kjem opp i over ein million kroner. Største erstatningskravet er for den då 17 år gamle sonen som blei livstrugande skadd.

.Dom i saka skal forkynnast 15. juni.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL