Hopp til innhold

Vitne i retten: – Kvinna ville ut av fangenskap og leve eit fritt liv

Mannen som står tiltalt etter valdtekten og drapet på Helen Luel Asefaw (24) i Molde seier han ikkje hugsar noko av det som hende. Då rettssaka starta i dag nekta han straffskuld.

Person funnet død i Molde.

Omfattande etterforsking: Fleire av etterforskarane som har vore med på saka skal møte i retten.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Den drepne og den tiltalte var formelt gift. Men forholdet var over. I retten kom det fram at Helen Luel Asefaw ville avslutte ekteskapet.

– Tiltalte verken aksepterte eller respekterte dette ønskjet. Asefaw følte seg trua og kontrollert av tiltalte og det var usemje om omsorga til det felles barnet deira, sa aktor Inger Myklebust i retten i dag.

Aktoratet peikar dermed på vanskar i ekteskapet som motiv bak drapet. Dette forklarar også samanhengen mellom drapet på Helen Luel Asefaw og drapsforsøk og vald mot ein familie i nærleiken.

– Familiefaren som bur i nærleiken hadde ei meklarrolle for ekteparet. Han var også i slekt med Helen Luel Asefaw, sa aktor Inger Myklebust.

Seint mandag ettermiddag forklarte familiefaren seg. I meklingssituasjonen hadde Helen Luel Asefaw forklart at ektemannen nekta henne å ha kontakt med andre.

– Ho sa ho ville leve eit fritt liv. Ho ville ikkje leve i fangenskap. Og det var ektemannen som heldt henne fanga, forklarte familiefaren som sjølv blei utsett for vald frå tiltalte.

– Vi hjelpte henne og let henne vere hos oss etter at ho oppsøkte krisesenteret i Molde. Difor kom han også for å ta oss, hevda familiefaren.

Aktor hevda at både valdtekten, drapet og drapsforsøket mot familefaren var gjort med hensikt og var planlagt. Ho hevda også at tiltalte måtte skjøne at valden mot sonen til familiefaren kunne føre til døden.

Knust vindu - drapssak Molde

Mannen knuste dette vinduet og bana seg dermed veg inn på soverommet til kvinna.

Foto: Politiet

Brutalt

Det var brutalt det som skjedde i heimen til Helen Luel Asefaw i halv to tida natt til 24. november i fjor. Ifølgje tiltalen bana mannen, som ho var gift med, seg veg inn på soverommet hennar, valdtok og drap henne med fleire slag med ei vektstong.

Valden var så brutal at rettssaka går for delvis lukka dører når aktor skal legge fram bildebevis frå drapet.

Statsadvokat Inger Myklebust

Statsadvokat Inger Myklebust.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Dette er ei svært alvorleg sak. Det er ei kvinne som er drepen og eit barn har mista mor si. I tillegg har det vore eit svært brutalt angrep på ein familie i Molde, seier statsadvokat Inger Myklebust til NRK.

To forskjellige åstader

Mannen er tiltalt for både valdtekt, drap, forsøk på drap av to personar og kroppsskade på ein tredje. Desse hendingane gjekk føre seg på to stader i same nabolag i Molde, truleg innanfor eit kort tidsrom.

Vektstang brukt under drap og drapsforsøk Molde

Denne vektstonga blei ifølgje tiltalen brukt både som våpen og for å bane seg veg gjennom vidauge og dører.

Foto: Politiet

Rett etter valdtekta og drapet på ektefellen sin drog han til huset der ein familie som er i slekt med den drepne kvinna bur. Med vektstonga knuste han seg veg gjennom ei verandadør. Ifølgje tiltalen ville han ta livet av den vaksne mannen i huset. Ein 17-årig son prøve å avverje dette, og blei livstrugande skadd.

– Eg såg den yngre bror min ligge skadd på golvet. Og tiltalte sto med ei jernstong og slo i døra til soverommet til foreldra mine, sa ein av søskena som vitna i retten. Eg var redd, samtidig sto eg overfor ein mann som eg kjende godt og som ofte var på besøk hos oss. No verka han blodtørstig og ville ha hevn. Han kom for å ta pappaen min, sa han.

Den yngre bror hans blei livstrugande skadd og låg lenge i koma på St.Olavs hospital i Trondheim.

– Eg var redd og eg var redd for at eg skulle miste broren min også. Bror min har forandre seg svært mykje etter det som skjedde. Før var han livleg, snakka med mange folk og gjorde mykje. Det er stor forskjell på før og no, sa han.

Verandadør til familien i Molde - drapsforsøk mot to - kroppsskade mot ein.

Slik såg verandøra ut etter at tiltalte hadde knust vindauget og bana seg veg inn til familien.

Foto: Politiet

– Trudde fleire angreip familien

Mykje tyder på at målet for valden mot familien var familiefaren. Han hadde teke på seg ei rolle som meklar i forholdet mellom tiltalte og Helen Luel Asefaw. Han hadde lagt seg, og høyrde bråk frå stova, men fekk ikkje med seg kva som eigentleg skjedde i byrjinga.

– Det høyrdes ut som torden. Eg ville ut og sjå. Men brått kom ei jernstong gjennom døra og traff meg ved hjarta. Kona rådde meg til å stengje døra. Ho opna vindauget og ropte om hjelp. Vi trudde det var fleire som angreip familien, sa familiefaren.

Etter kvart høyrde han ein av sønene ropet namnet til den tiltalte. Då opna han døra for å kunne gripe inn.

– Då såg eg den eine sonen min ligge hardt skadd på golvet, og den andre sonen i basketak med gjerningsmannen. Synet av at det rann blod frå munnen til sonen min som spytta blod har festa seg. Eg trudde han var død. Hadde han klart å overmanne den andre sonen min hadde han teke han også. Og så neste.

– Det som har skjedd er alvorleg og uventa. Det kom frå ein eg trudde var ein ven, men som viste seg å vere det motsette. Det har skapt store sår i familen, sa familiefaren i retten i dag.

I retten stadfesta familiefaren at han hadde hatt ei rolle som meklar i ekteskapet mellom tiltalte og Asefaw. Då kom det også fram at kvinna ved eit høve tok med seg barnet og overnatta på krisesenteret i Molde.

– Eg snakka med henne dagen etterpå. Ho gråt og fortalte at ho flykta fordi ho var redd mannen ville drepe henne, sa familiefaren.

– Ho ville ut av fangenskap

Asefaw budde deretter nokre dagar i huset hos familiefaren og kort tid etter flytta tiltalte ut frå huset der paret hadde budd. På eit tidspunkt fekk familefaren høyre meir frå kvinna om kva som låg bak ekteskapsproblema. Ho hadde forklart at tiltalte ikkje ville at ho skulle ha kontakt med andre.

– Ho sa at ho ville leve eit fritt liv. Ho ville ikkje leve i fangenskap. Og ho sa det var han som heldt henne i fangenskap, sa familiefaren. Eg prøvde å forklare henne at han var glad i henne. Ho forklarte at det umogleg kunne vere sant sidan han nekta henne å ha kontakt med andre, fortsette familiefaren i forklaringa si i retten.

– Nektar straffskuld

Då rettssaka starta nekta tiltalte straffskuld. Han forklarte at han ikkje hugsar noko frå denne dagen.

Advokat Roy Peder Kulblik

Forsvarar Roy Peder Kulblik.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg er blitt fortalt kva som skjedde. Men eg kan ikkje hugse det. Dermed kan eg ikkje vedgå straffskuld, sa han.

Forsvarar Roy Peder Kulblik seier likevel at den tiltalte skjønar at han har noko med saka å gjere.

– Ja. Han har fått sjå bevis som knyter han til begge stadene. Han har blitt forferda over det han har sett. Han har sett bilete og dei er grufulle, seier Kulblik.

Rettssaka skal etter planen avsluttast onsdag 25. mai.