Hopp til innhold

Kreftpasientar saknar råd om sex

Det å få kreft kan ta livsmotet og i verste fall livet av dei som vert råka. No fortel fleire av dei som overlever at dei gjerne også slit med sexlivet etter ein slik diagnose.

Gry Jonassen

I ungdomsgruppa i Kreftforeininga sin kampanje på Instagram, #Del ditt arr, viser fleire fram korleis kroppen har endra seg etter kreftsjukdomen. Gry Jonassen måtte fjerne eine brystet.

Foto: Jenaette Bækkevold

Randi Gjessing

Sexolog og kreftsjukepleiar ved Radiumhospitalet i Oslo, Randi Gjessing, hjelper kreftpasientar med råd om sex.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

– Menn føler dei er mindre mann og kvinner føler dei er mindre kvinne, og dei lurer på om partnaren framleis vil ha dei, seier sexolog og kreftsjukepleiar ved Radiumhospitalet i Oslo, Randi Gjessing.

Dei fleste mannlege kreftpasientar som oppsøker henne slit med ereksjon og dei fleste kvinner slit med manglande lyst.

Redde for å snakke om sex

I 2013 fekk over 30 401 nordmenn kreft og mange vert merka for livet. Sexolog Randi Gjessing meiner at dei som jobbar med kreftpasientar må verte flinkare til å snakke om sex.

– Mange trur nok at dei kan for lite og dei er redde for å bry pasienten, men pasientane må få vite kva endringar ein kan merke og kva ein kan gjere med det.

I tillegg til fysiske endringar, kan også manglande energi og psykiske sperrer gjere at mange kreftpasientar synest det er vanskeleg å ha eit normalt sexliv.

– Nekta å gi opp sex-livet mitt

Trebarnsmora Anne Marthe Øverås (47) frå Ålesund har vunne kampen mot kreften i underlivet to gongar.

Anne Marthe Øverås

Anne Marthe Øverås (47) var redd ho måtte gi opp sex-livet sitt etter at ho fekk kreft.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Ho skulle ønske nokon spurte henne om seksuallivet hennar då ho var inne til kontrollar etter ho hadde fått kreftdiagnosen.

Ved mange store sjukehus får pasientar tilbod om å snakke med sexologar, men mindre sjukehus har oftast ikkje slike tilbod.

– Eg huskar eg tenkte at eg nekta å gi opp sex-livet mitt, fortel 47-åringen.

Menge slit

Roy Aleksander Farstad (30) frå Lepsøy i Haram er tidlegare leiar av ungdomsgruppa i Kreftforeininga, og han trur mange slit med sex-livet etter at dei har fått kreft.

Roy Aleksander Farstad

Roy Aleksander Farstad er stadig på sjukehus for å operere vekk kreftsvulstar i halsen.

Foto: privat

Roy Aleksander fekk kronisk og arveleg kreft i skjoldbruskkjertelen som 15-åring , men på grunn av at sjukdomen ikkje er aggressiv kan han leve eit langt liv med kreft.

– Det er normalt at sexlivet ditt ikkje fungerer slik det skal når du har hatt kreft, men ein må tore å snakke om det, seier han.

– Det er ikkje så lett å gå og klage over sex-livet til ein kreftpasient, men det er viktig å sette ord på det ein føler.

– Ver nær kvarandre og vis omtanke

Roy Aleksander Farstad er singel og seier det er mange single som vegrar seg for å gå ut på byen for å sjekke igjen etter dei har hatt kreft.

Når det gjeld kreftpasientar som er i eit forhold, trur han at det er mange pårørande som er redde for å vere borti partnaren sin.

– Det er viktig å vere nære kvarandre. Ta partneren i armkroken og vis omtanke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL