Roy Aleksander må leve med kreften

Då sunnmørsguten var 15 år fekk han kreft i skjoldbruskkjertelen. Han blir aldri frisk att.

Roy Aleksander Farstad

Roy Aleksander Farstad har bestemt seg for at kreftdiagnosen skal brukast til noko positivt.

Foto: Kristin Nonsvik

– Kreft er så mykje meir enn det å miste håret og døy, seier Roy Aleksander Farstad (28).

Han er ein av dei som aldri vil bli frisk av kreften, men det skremer han ikkje.

Til vanleg jobbar han som restaurantsjef i Ålesund, men no ligg han i sjukesenga heime hos foreldra på Lepsøya til han kjem seg på beina att. For nokre dagar sidan var han på Haukeland i Bergen og opererte ut nye kreftsvulstar. Forma er ikkje på topp, men han prøver å halde humøret oppe.

Følte seg ikkje sjuk

Roy Aleksander Farstad

For nokre dagar sidan opererte Roy Aleksander bort fleire svulstar i halsen på Haukeland.

Foto: privat

Roy Aleksander var berre 15 år gamal då han fekk kreft for første gong. Det var sommaren 2000 og han var akkurat ferdig med ungdomsskulen. Ei tilfeldig blodprøve viste at noko var gale. Han hadde ingen symptom og følte seg ikkje sjuk. Undersøkingane viste at han hadde kreft i skjoldbruskkjertelen. 12 svulstar i halsen måtte opererast bort.

– Eg trur ikkje at eg skjønte kva det var snakk om først. Eg hadde jo sjølvsagt høyrt ordet kreft før, men visste ikkje kva det innebar, seier Roy Aleksander.

LES OGSÅ:

Læraren stilte opp

15-åringen var ein periode av livet der alt var under endring. Han skulle flytte heimanfrå for å gå på kokkelinja og hadde starta i sin aller første sommarjobb. Plutseleg fekk han ein alvorleg diagnose.

– Dei andre elevane merka ikkje så mykje anna enn at eg var borte ein månad etter operasjonen, seier Roy Aleksander.

Han skryt av læraren som stilte opp og køyrde han til og frå skule, og sørgde for at han fekk med seg alt det faglege slik at kokkedraumen kunne gå i oppfylling.

Må leve med kreft

I fleire år etterpå trudde Roy Aleksander at kreften var eit tilbakelagt stadium. Det skulle vise seg at kreftdiagnosen er kronisk og arveleg. No 12 år etterpå fann legane nye svulstar i halsen.

– Det betyr at eg må leve med kreften resten av livet, seier restaurantsjefen.

På grunn av sjukdomen har han nyleg etterutdanna seg og lagt kokkehatten på hylla.

Han veit at sjølv om han vart operert for nokre dagar sidan, har han framleis kreft i kroppen, som ikkje forsvinn med cellegift og stråling. Men sjukdomen er ikkje aggressiv og difor kan Roy Aleksander leve eit langt liv med kreften.

Han vert følgt nøye opp og tar blodprøver og røntgen ein gong i året.

Bør genteste småbarn

Overlege ved Haukeland universitetssjukehus, Michael Brauckhoff seier at denne kreftforma, medullær skjoldbruskkjertelkreft, er svært sjeldan. Berre 30 pasientar får diagnosen i året. I 25 prosent av tilfella er sjukdomen arveleg og skuldast ein genfeil.

– Vi anbefaler å genteste små barn i familiar der ein veit at sjukdomen finst. Då opererer ein bort skjoldbruskkjertelen og unngår å utvikle krefttypen seinare i livet, seier Brauckhoff. Helst bør operasjonen skje før 6-årsalderen.

Kva med dei som har utvikla kreft?

– Prognosane for denne kreftforma er bra. Pasienten må leve med sjukdomen, men mange lever eit langt liv, seier Brauckhoff.

Risikoen for at det plutseleg skjer ei forverring er alltid til stades. Difor er det viktig at pasientane har tett oppfølging heile livet.

Vil leve normalt

Det at hans barn vil kunne få same sjukdom, ein gong i framtida når han stiftar familie, tenkjer ikkje Roy Aleksander mykje på.

– Eg er åleine, så det er ikkje tema no. Men klart problemstillinga vil dukke opp når den tid kjem, seier Roy Aleksander.

Han bestemte seg tidleg for at kreften skulle brukast til noko positivt og at han skulle leve så normalt som mogleg.

Ver ærleg

Roy Aleksander trur han sit med heilt andre erfaringar i dag, enn om han ikkje skulle ha fått kreft som 15-åring. Han sit som styreleiar i Kreftforeininga si ungdomsgruppe og treff mange unge i same situasjon. Arbeidet der har blant anna lært han korleis drive lobbyverksemd opp mot politikarar, og korleis lover og reglar fungerer. Han har også fått mykje større sjølvtillit.

Hans viktigaste råd til unge som får kreft er å vere open om diagnosen.

– Ver open og ærleg om det. Fortel korleis du har det. Er det ein jævlig dag, er det lov å seie frå, meiner han.

Han trur også det er viktig å fokusere på det som ikkje handlar om sjukdomen.

– Hugs å vere ungdom, sjølv om du har kreft, er hans motto.