I følge Dagens Næringsliv vil banken redusere bemanninga frå 26 til 21 årsverk.
Kredittbaken må betale eit lån på 300 millionar kroner i juni og treng meir pengar.
Administrerande direktør Dag Bjørneset seier banken har nok pengar til å betale dette lånet, men for å unngå botnskrapt pengekassa treng banken nye innskot.
Overrasket
Første kvartal hadde banken eit tap på 27,6 millionar kroner, noko som ifølge Bjørneset kom overraskande.
Torsdag formiddag la Kredittbanken fram resultatet for første kvartal og ifølgje Bjørneset var tala var verre enn venta.
Minus 13 mill.
Dei fire første månadene i år har banken tapt 27,6 millionar kroner og kjem ut med eit underskot på nærare 13 millionar kroner.
I første kvartal i fjor hadde banken eit overskot på 7,9 millionar kroner, men trass store negative tal så langt i år, er resultatet betre enn det banken presenterte før jul. Då var underskotet på nesten 53 millionar kroner.
Tap i oppdrett
Dei store tapa skuldast i hovudsak krisa i oppdrettsselskapet Pan Fish, der også Kredittbanken var tungt inne med finansiering.
På slutten av fjoråret måtte banken selje unna 600 millionar kroner i lån for å betre likviditeten. I tillegg måtte banken hente inn 60 millionar kroner i ny kapital.
Og samstundes har innskota i banken falle kraftig. Innskota er redusert med heile 63 millionar kroner i første kvartal i år. Dette skuldast i hovudsak at nokon store innskot er teke ut av banken, opplyser selskapet i ei børsmelding i dag.
Men trass at tala enno er svært svake, reknar bankleiinga framleis med å gå med overskot innan to år.