Hopp til innhold

Krass kritikk i ny rapport om telebrotet

Post- og teletilsynet er ikkje nådige i kritikken av Telenor etter det omfattande telebrotet i byrjinga av mars.

Einar Lunde

Avdelingsdirektør Einar Lunde i Post- og teletilsynet meiner Telenor og Telia Sonera ikkje hadde gjort ein god nok jobb for å unngå det omfattande brotet i telenettet i delar av Nordvestlandet 6. mars.

– Det som har kome fram veldig klart er at dei sårbarheits- og risikoanalysane til dei to aktørane, Telenor og Telia Sonera, er dels utdaterte eller ikkje gjennomførte. Det meiner vi er kritikkverdig, seier, Einar Lunde som er avdelingsdirektør for nett i Post og teletilsynet.

– Mangla risikovurdering

Deler av Nordmøre og Romsdal var utan mobiltelefondekning, medan store deler av Sunnmøre var utan mobiltelefon, fasttelefon og internett i fleire timer etter eit kort straumbrot natt til torsdag 6. mars. Hendinga vart skildra som den verste sidan ekstremvêret Dagmar i 2011.

– Mangelen ha vore medverkande til at dette utfallet fekk så alvorlege konsekvensar, legg han til.

– Brotet i telenettet kunne altså ha vore unngått?

– Ja, slike analysar har som føremål å avdekkje moglege scenario og hendingsgang. Om ein ikkje har ei risiko- og sårbarheitsvurdering, så risikerer ein å oversjå vesentlege ting, seier han.

– Kunne ha blitt oppdaga før

Sjølv om aggregatet slo inn då straumen gjekk tidleg på natta, oppstod det ein feil fordi aggregatet ikkje forsynte resten av systemet som det skulle. Feilen var oppdaga først då batteria til slutt gjekk tomme og systemet var nede for teljing.

– Ei alvorleg hending vart oppdaga altfor seint. Vi meiner at kunne ha blitt oppdaga på eit tidlegare tidspunkt med ei anna alarmvurdering, seier Lunde.

Teletilsynet er heller ikkje fornøgde med innrapporteringa til myndigheitene etter at telebrotet vart oppdaga.

Skal skjerpe tilsynet

Rapporten til Post- og teletilsynet vart sendt vidare til Samferdselsdepartementet torsdag. Avdelingsdirektøren er tydeleg på at det myndigheitene vil følgje opp det som står i rapporten.

– Vi har nokre område vi vil følgje opp direkte frå myndigheitene og mot kvar enkelt tilbydar. Vi vil også ta med informasjonen vidare i andre ROS-analysar og tilsyn av slike installasjonar, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL