Hopp til innhold

Etterlyser risikoanalysen

– Telenor kan ha lagt for mange egg i same korg. Det seier Per Brekke i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Per Brekke

Per Brekke, avdelingsdirektør i analyse og nasjonal beredskap i DSB, kritiserer Telenor for manglande reserveløysingar.

Foto: dsb.no

– Når så mykje går ned som følgje av feil på ein enkelt stad, så stiller eg spørsmål om Telenor har lagt for mange egg i same korg, seier Brekke som er avdelingsdirektør i analyse og nasjonal beredskap i DSB.

På grunn av ein kraftfeil som vart utløyst natt til torsdag, var det store problem med telefonnettet i Møre og Romsdal. Både fasttelefonar, breiband og mobilnettet vart ramma. Før naudetatane fekk ruta seg via Sogn og Fjordane, ar det ikkje mogleg å få tak i dei. Eldre med tryggingsalarmar fekk heller ikkje kontakt med brannvesenet.

– Ikkje akseptabelt

Satelittelefon

Satellittelefonen livlina ut for 110-sentralen då situasjonen var på sitt mest uoversiktlege torsdag føremiddag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Brekke omtalar hendinga som ein kritisk svikt i infrastruktur.

– Når ein leverer tenester som heile samfunnet er avhengig av, og som fell ut så lenge som dette, så representerer det ei sårbarheit som ikkje er akseptabel, seier han.

Avdelingsdirektøren meiner ei slik hending ikkje burde ha skjedd i det heile.

– Vi stiller oss spørsmålet om det finst ei risiko- og sårbarheitsanalyse bak dette systemet, når vi lærer om det som skjedde i morgontimane.

Reserveløysingar

Brekke meiner dei tilgjengelege reserveløysingane til Telenor har langt frå vore tilstrekkelege.

–Ein kan ikkje unngå slike hendingar heilt og fullt, men vi kan heilt sikkert løfte lista og ha for auge at det skal skje sjeldnare. Men det er avhengig av at ein har backup-løysingar og at ein raskare kan få opp att primærløysinga når systemet først sviktar.

Uansett kva som er årsaka bak straumbrotet, meiner Brekke at dei som leverer kritiske samfunnsfunksjonar må kunne gjere det til ei kvar tid.

– Det er viktig å prøve å lære av dette ved å gjere kunnskapen tilgjengeleg. Ein må ha vilje og evne til å ta dette inn over seg og lære av det. Det forventar eg at Telenor gjer, avsluttar han.

Ventar på rapport

Einar Lunde

Avdelingsdirektør Einar Lunde i Post- og teletilsynet.

No ventar direktoratet på ein rapport frå Post- og teletilsynet om hendinga i Ålesund. Einar Lunde, avdelingsdirektør for nett, seier tilsynet jobbar svært aktivt oppimot Telenor for å avdekkje kva som har skjedd.

– Vi har hatt alvorleg hending som vi no ber Telenor om å gjere greie for.

Spørsmålet er om teleleverandøren har følgt forpliktingane som tilbydar.

– Den sentralen i Ålesund som vart ramma av eitt lokalt straumutfall er ein sentral del av Telenor sin infrastruktur. Då har vi krav til backup-system for ein slik funksjon.

Ifølgje Lunde er det for tidleg å peike ut ein syndebukk.

– Somme gonger kan feil skje med det hjelpetekniske utstyret som gjer at det ikkje slår inn i tide. Om det er det som er tilfelle her, er for tidleg å seie, avsluttar han.

Sjå TV-reportasjen frå torsdag kveld:

Både mobilnett, fasttelefonen og datanett var nede torsdag morgon og føremiddag. Verst var det på Sunnmøre, men også folk i Nordmøre ogRomsdal vart ramma.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL