Hopp til innhold

Telenor: –Telefeilen kunne ha vore oppdaga raskare

Ansvarlege for beredskap i fylket ser alvorleg på den fleire timar lange svikten i telesamband og internett 6. mars. Telenor seier at dei burde ha funne feilen raskare.

Ansvarlege for beredskap i fylket ser alvorleg på den fleire timar lange svikten i telesamband og internett 6. mars. I dag har dei evaluert hendinga, og i møtet fant dei fleire ting som må endres på.

Det er funne fleire forbetringspunkt som skal fylgjast opp etter telesamanbrotet 6. mars.

Torsdag 6. mars vakna folk i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane opp til stumme telefonar og internett som ikkje verka. Heller ikkje operasjonssentralen hos politiet i Ålesund hadde summetone, og ein frykta at AMK-sentralane også var ramma.

I dag kalla politiet og fylkesberedskapssjefen inn til møte. I fleire timar sat toppane i Telenor i lag med naudetatar og kommunar for å høyre på korleis dei opplevde situasjonen 6. mars.

Skulle vore ordna raskare

Teleutfallet skuldast eit straumbrot og Telenor vart varsla om feilen om natta. Dei forstod berre ikkje kor alvorlege konsekvensane var. Nødaggregaten verka ikkje som det skulle, fordi ein brytar var øydelagt. Det tok tid før dei fann ut det.

– Det vi ser er at i dette tilfellet kunne vi ha gjort ein raskare analyse, slik at feilen vart løyst tidlegare, seier Bjørn Amundsen, dekningssjef i Telenor.

Han følte slett ikkje at han vart kalla inn på teppet i dag, men ser på det som eit godt samarbeidsmøte. Dekningssjefen kan likevel ikkje garantere at det same aldri vil skje igjen.

Vil ha betre varsling

Politimeister Steven Hasseldal seier at målet med møtet ikkje var å kritisere Telenor, men å få vite kva som faktisk skjedde. Han er oppteken av at naudetatane og spesielt politiet må bli varsla i slike tilfelle.

– Den kommunikasjonen har ikkje vore god nok, seier Hasseldal.

Også fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal seier at informasjonsflyten bør bli betre og at naudetatane må raskt få beskjed om problem som oppstår.

Les alt om telekaoset 6. mars HER