Hopp til innhold

Ja til omstridd kraftline

Norges Vassdrags og energidirektorat (NVE) seier ja til ei kontroversiell kraftline gjennom store delar av Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Høyspent nær husstand

Illustrasjonsfoto.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Engasjementet rundt utbygginga har vore stor, og mange har kravd sjøkabel istaden for luftline.

Men direktør i NVE, Agnar Aas, meiner at liner i lufta er betre for miljøet enn kabel.

– No vil Midt-Noreg, særleg Møre og Romsdal, få den forsyningstryggleiken dei har krav på, seier han.

– Robust løysing

Med dei nye 420 kV høgspentlinene blir omlag 11 mil med gamle kraftleidningar fjerna. Dessutan kostar luftlina berre ein sjettedel av det sjøkablane ville kosta.

Det hadde òg vore umogleg å frakta fornybar energi frå planlagde småkraftverk og vindkraftanlegg dersom ein hadde valt kabelløysinga.

– Luftlinene er ei robust løysing som har små ulemper for miljøet, meiner Aas.

– Den mest skadelege traséen

Håkon Myrvang

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap).

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det er ikkje alle samde i. Det har vore over 30 folkemøte om Statnett sine utbyggingsplanar mellom Ørskog og Sogndal.

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap), er ein av dei som meiner NVE har gått inn for den verst tenkjelege løysinga.

– Dei har valt den traséen som er mest skadeleg for oss. Vi får lina tett opp til Naustdal sentrum, noko vi er lite begeistra for, seier han.

– Få tilleggsulemper

På den omlag 30 mil lange kraftlina, som altså skal gå gjennom to fylke, vil sju bustadhus kome nærare linja enn 100 meter.

Naturvernforbundet har hevda at den nye høgspentlina vil føre til uopprettelege skadar i vakker natur, noko Agnar Aas i NVE ikkje er einig i.

– Tilleggsulempene er ikkje veldig store. Det blir litt høgare master og litt lenger avstand mellom dei. Men for ein stor del er det den same traséen som blir brukt, seier han.