1.amanuensis ved Høgskolen i Molde, Per Bjarte Solibakke, meiner at med dagens straumpris i regionen kan ei høg investeringsavgift forsvarast. - Folk i Midt-Noreg betalar ein høg straumpris og bidrar såleis sterkt til dei nasjonale inntektene, seier han.
- Det er ein skuggepris når kostnadene med sjøkabel og luftspenn blir samanlikna, og den skuggeprisen er reduksjonen av verdien til dei områda der kraftlinja går. Då blir sjøkabel eit godt alternativ, seier Solibakke.
Kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett trur ikkje at reknestykket til Solibakke held, seier han til NRK Møre og Romsdal.