Hopp til innhold

Kraftig prishopp på straumen i Midt-Noreg søndag kveld

Folk som bur i Trøndelag og Møre og Romsdal må vere førebudd på at straumprisen vil auke kraftig søndag kveld.

Strøm og strømpriser

Folk i Sør-Noreg har måtte leve med høge straumprisar lenge. Søndag kveld får Midt-Noreg eit prissjokk i nokre timar.

Foto: Javad Parsa / NTB

Gjennom lang tid har straumprisen vore svært låg i det som blir kalla NO3-området og som omfattar Trøndelag og Møre og Romsdal. I motsetning til i Sør-Noreg der prisen har vore rekordhøg.

Men søndag kveld mellom klokka 19 og 21 får også folk som bur i dette området smake på prissjokket. Med avgifter og nettleige, men før straumstøtte, blir timeprisen ut til forbrukar på nesten 7 kr/kWh i desse timane, skriv nettstaden Europower.

Godt ver og lite vind

Stig Falling

Lite vind er ein viktig faktor, seier Stig Falling, administrerande direktør i Tafjord Kraftproduksjon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Det er fleire år sidan timeprisen har vore så høg. Spotprisen vil liggje tett under 5 kr/kWt søndag kveld, seier direktøren i Tafjord Kraftproduksjon, Stig Falling.

– Grunnen er at det er tørt og så er det lite vind både her i Midt-Noreg og i det neste nordlegaste området i Sverige. Når det er lite produksjon av vind i desse områda så blir vi kopla til svenske priser.

Kopla til straumprisen i Stockholm

Vinden er altså en viktig faktor, men det er også linjenettet for straumen som koplar saman Midt-Noreg og Sverige. Dette sambandet går ofte fullt slik at ein får flaskehalsar fordi det blir produsert mykje vindkraft i Sverige. Men akkurat no er desse flaskehalsane borte, seier kraftanalytikar Tor Havåg i Tussa Kraft.

– Den viktigaste grunnen til at det blir så dyrt akkurat i desse timane i kveld er at dette midtsvenske området blir kopla til Stockholm-området slik at vi i Midt-Noreg får same pris som i Stockholm.

Sør-Noreg: Nedgang dei siste dagane etter pristopp tysdag

Som Europower skrev på fredag nådde spotprisane i Sør-Noreg sin absolutte topp tysdag denne veka. Dei siste dagane har prisnivået i Sør-Noreg krype nedover. Søndag er døgnprisen før avgifter og nettleige, og før eventuell straumstøtte den lågaste på fleire veker i dette området.

Likevel opplever Østlandet og Bergensområdet denne veka at det blir satt ny prisrekord for gjennomsnittet for ei veke.

– Må vere førebudd på prishopp i periodar

Spørsmålet no er kor lenge dette høge prisnivået vil vare, og om ein i periodar vil oppleve at straumprisen vil skyte i vêret i Midt-Norge slik som søndag kveld.

– Det må vi nok rekne med i periodar. Det vil vere enkelte timar der vil vere slik. Og utover hausten blir nok prisnivået generelt høgare. Først og fremst fordi det blir kaldare og forbruket vil auke, men produsentane får også betre kontroll på vatnet, seier Stig Falling i Tafjord Kraftproduksjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL