Hopp til innhold

– Nominasjonen gjorde meg heilt overvelda

Marit Aunan Nerland har vore med i Molde janitsjar i over 50 år. No er ho ein av finalistane til Frivillighetsprisen.

Marit Aunan Nerland

Marit Aunan Nerland spelar melodisk slagverk. I utesesongen betyr det å spele lyre som dette. I konsertsamanheng blir det ofte xylofon, metallofon og vibrafon. Men ho er også innom rytmiske slagverksinstrument.

Foto: Hugo Tingvoll

Kvart år deler organisasjonen Frivilleg Norge ut pris for å heidre eldsjelene. Marit Aunan Nerland frå Molde er ei av 10 nominerte. Ho har vore engasjert i Molde Janitsjar i over 50 år, men det er slett ikkje berre korpsmusikk ho brukar tida på. Ho har også lagt ned ein innsats i langrennsgruppa i Molde og Omegn Idrettsforening, der ho både hatt ulike styreverv og arrangert alle slag skirenn.

Nerland spelar ulike tangentinstrument og er sjølvlært. Etter 50 år i korpset har ho blitt fast inventar.

– Du, til å begynne med blei eg heilt skrekkslagen. Berre å bli nominert er kjempestort. Eg er overvelda. Men etter å ha fått tenkt meg om ser eg at det ikkje er så farleg, så no er det berre å stå på vidare med dette, seier ho når NRK ringjer.

Ho har visst ei stund at ho kom til å bli nominert. Og ho har hatt besøk at Frivilleg Norge som har intervjua henne. Femte desember skal ho til Oslo, og då skjer den endelege kåringa.

– Berre det å vere nominert er ei stor ære. Det er vel totalen eg er nominert for, både det eg har gjort i MOI og i Molde janitsjar, seier ho.

Det var styreleiar Nils Gunnar Solli i Molde janitsjar som sende inn søknaden.

– Marit held ut og trivast med å få ting gjort. Og så er ho ein type som skaper ro og balanse, seier styreleiar Nils Gunnar Solli i presentasjonsvideoen som Frivillighet Norge har laga om henne. Han meiner at sjølv om ho ikkje er beskjeden, likar ho ikkje blest om seg sjølv.

Marit Aunan Nerland seier det er kjekt å bli sett pris på. Men ho presiserer at ho er berre eit vanleg menneske, men eit engasjert menneske.

– Eg hadde ungar som gjekk på ski, og då måtte no vi foreldra også engasjere oss. Og der var det heile familien som blei med. Mannen min køyrer løyper på Skaret, og der er også sonen vår framleis med. Men janitsjarmusikken den har eg åleine.

– Eg har gløymt å slutte i korpset, ler Nerland sjølv. Ho minnast dei 17. maiane ho hadde små barn og drog heim for å amme i pausen mellom dei ulike toga der korpset spelte. Når du er ung treng korpset deg. Når du kjem opp i åra er det du som treng korpset, var det ein klok mann som sa ein gong, legg ho til.

I august vart Nerland kåra til årets dugnadshelt i Gjensidige Nordmøre og Romsdal.

– Det var no stort berre det å bli årets dugnadshelt i Gjensidige. Etter kvart fekk eg høyre at dei same søknadspapira var sende inn til Frivilleg Norge også, skrattar ho.

Det er folket som avgjer kven som vinn Frivillighetsprisen, gjennom stemming på sms.

Prisen vert delt ut av Kulturminsteren 5. desember.

I denne Facebook-videoen kan du så vidt skimte Marit Aunan Nerland. Og du kan så definitivt høre henne.

Dei andre finalistane er:

  • Kai Henning Stensrud, Idrettslaget Kolbukameratene
  • Lill Wenche Øyen
  • Merry og Børge Knudsen, Frelsesarmeen i Odda
  • Nour Aburashid, Norsk Folkehjelp solidaritetsungdom
  • Per Olav Gundersen, Norske Redningshunder
  • Richard Kiwanuka, Bring Children from streets og Way forward
  • Sumeet Singh Patpatia, Turbandagen og Unge sikher
  • Ziad Al-Taha, Mandal Røde Kors og Norsk Folkehjelp i Mandal med fleire

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL