Hopp til innhold
Sjukehusapoteket i Ålesund
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Koronasmitte ved sjukehusapotek

  • 45 sett i karantene i Ålesund

    Kommunelegen i Ålesund har fått inn melding om to nye tilfelle av koronasmitte i Ålesund. Til saman 45 personar er førebels sett i karantene. Den eine smitta er nærkontakt og i familie med ein av dei som blei smitta ved Sykehusapoteket i Ålesund. Vedkommande sett allereie i karantene då smitte vart påvist. Det opplyser kommunen.

    Den andre personen fekk påvist smitta i går kveld. Vedkommande har ikkje symptom på sjukdom. Vedkommande deltok måndag på ei korpsøving i Ålesund før han fekk vite at han kunne vere smitta. Korpset er informert, og nærkontaktane, familie og arbeidskollega er sett i karantene. Vedkommande deltok òg på ei treningsøkt. Her er 14 personar sett i karantene.

  • To nye smittetilfelle i Sula

    To personar har fått påvist korona i Sula kommune. Begge tilfella kan sporast tilbake til smitteutbrotet på sjukehusapoteket i Ålesund, opplyser kommunen i ei pressemelding. Den eine personen deltok i gudsteneste søndag, og dermed må 170 personar i karantene. Desse blir testa i løpet av dagen.

    Sula frikirke
    Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL