Hopp til innhold

45 sett i karantene i Ålesund

Kommunelegen i Ålesund har fått inn melding om to nye tilfelle av koronasmitte i Ålesund. Til saman 45 personar er førebels sett i karantene. Den eine smitta er nærkontakt og i familie med ein av dei som blei smitta ved Sykehusapoteket i Ålesund. Vedkommande sett allereie i karantene då smitte vart påvist. Det opplyser kommunen.

Den andre personen fekk påvist smitta i går kveld. Vedkommande har ikkje symptom på sjukdom. Vedkommande deltok måndag på ei korpsøving i Ålesund før han fekk vite at han kunne vere smitta. Korpset er informert, og nærkontaktane, familie og arbeidskollega er sett i karantene. Vedkommande deltok òg på ei treningsøkt. Her er 14 personar sett i karantene.