Hopp til innhold

Smitta sjukehustilsett har hatt nærkontakt med 33 pasientar

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på koronavirus. 33 pasientar og ni tilsette har vore i kontakt med den smitta.

Ålesund sjukehus, korona

I KARANTENE: Ni tilsette ved Ålesund sjukehus må i karantene etter å ha vore i nærkontakt med den smitta. Sjukehuset meiner smitterisikoen er svært liten.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Personen var på jobb ved medisinsk biokjemi onsdag og torsdag denne veka, og hadde då nærkontakt med både pasientar og tilsette ved sjukehuset, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

I karantene

Det positive prøvesvaret kom fredag, og sjukehuset har no kartlagt kven som kan ha vore utsette for smitte.

– Sjukehuset vurderer at smitterisikoen er særs liten, men alle pasientar og tilsette som har vore utsett for smitte vil bli varsla i løpet av kvelden, skriv helseføretaket.

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva ved Ålesund sjukehus seier årsaka til at dei vurderer risikoen for liten, er at den tilsette ikkje har vore på jobb med symptom. I tillegg har sjukehuset følgt smittevernreglane med mellom anna handvask før pasientbehandling.

– Vedkommande fekk symptom etter arbeidstid. Smittefaren er då vurdert som mindre, men ikkje heilt fråverande. Vi går tilbake 48 timar før symptomdebut når vi skal driv smittesporing, seier han.

Smitteoverlege Jørn-Åge Longva.

Jørn-Åge Longva, smittevernoverlege ved Ålesund sjukehus.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Må rekne med dette kan skje

Dei som har vore i nærkontakt med den smitta, blir bedne om å gå i heimekarantene i ti dagar.

Laurdag varslar Ålesund kommune at den tilsette er busett i kommunen, og at alle nærkontakter utanom arbeidsplassen også er sett i karantene. Dei veit førebels ikkje korleis personen har blitt smitta.

Sjukehuset ber pasientar og pårørande som treng informasjon om å ringe 91670427. Telefonen opnar klokka 18.00 fredag og held ope til 21.00. Laurdag 16. mai er telefonen open mellom klokka 10.00 og 18.00.

Smittevernoverlegen trur smitte på sjukehus er noko vi må rekne med kan skje under pandemien.

– Dessverre. Her har ein følgt råda om å halde seg heime når ein er sjuk. Men så veit vi at det også er ein viss smitterisiko også rett før ein blir sjuk, seier Longva.

Bør noko gjerast for å endre på rutinane?

– Ikkje så langt som vi kan sjå no. Vi har følgt våre eigne og Folkehelseinstituttets rutinar, så dette er nok noko vi må rekne med kan skje framover.

– Påverkar ikkje drifta

Helse Møre og Romsdal seier situasjonen ikkje påverkar drifta ved Ålesund sjukehus, men at pasientar som er kalla inn til time neste veke skal møte som normalt, og pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må ta kontakt.

– Vi har framleis strenge smitteverntiltak ved sjukehuset og det skal derfor vere trygt for våre pasientar å kome til behandling, seier Inge Ødven som er lokal beredskapsleiar ved Ålesund sjukehus.

Måndag vart 35 tilsette ved sjukehuset og heimetenesta i Volda sett i karantene etter at dei hadde vore i nærkontakt med ein pasient med korona.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL