NRK Meny

Kontraktar til 4,5 milliardar

Selskapet Aibel er tildelt ein ombyggingsjobb på Heidrun-plattforma i Norskehavet utanfor Kristiansund.
Aibel skal bygge to modular som skal innstallerast på plattforma i 2018 og 2019, slik at den kan ta imot gassen frå Dvalin-produksjonen, som tidligare vart kalla Zidane. Aker Solutions har fått oppdraget med å bygge ei 300 tonn tung ramme på havbotnen, og få på plass tilkoblinga mellom plattforma og røyrleidningaen på havbotnen. Samla sett har desse kontraktane ein verdi på 4,5 milliardar kroner.