Ny utbygging på Heidrun kjem heile fylket til gode

Olje- og energidepartementet offentleggjer i dag ei utbygging på Heidrunfeltet i Norskehavet, som inneber auka aktivitet her i fylket.

Maersk Jutlander

Meir gass skal til Aukra, og det blir meir aktivitet i Kristiansund.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Det er det tyske energiselskapet Dea som rett før fristen gjekk ut har levert inn ein søknad om å få bygge ut «Zidane» på Heidrunfeltet.

For Møre og Romsdal betyr det meir aktivitet og behov for både utstyr og arbeidsplassar, fortel Helge Hegerberg, som er Olje- og energirådgivar i Kristiansund.

Mykje må på plass

Helge Hegerberg

– Aktiviteten i Norskehavet inneber meir aktivitet også på land, seier Helge Hegerberg.

Foto: Roar Halten / NRK

– Dette inneber mykje meir gass i Polarled som skal til Aukra og vidare eksport derifrå. Det må til ei feltutbygging som mellom anna inneber undervassystem, røyr, boring, utplassering av ein modul, og det blir behov for meir forsyning og landstøtte.

Ifølge Hegerberg betyr denne utbygginga at ein byrjar å få fart på Polarled igjen, der ein del prosjekt fall ut for eit par år sidan.

Det har mellom anna vore lang ventetid for nokre mindre tilknytingsfelt. «Maria», som er i gang, og no «Zidane». Seinare i år kjem «Trestakk».

Viktige signal

– Behovet for arbeidsplassar vil ein nok merke mest om eit par år, i 2018-2019. Det tar litt tid fordi Polarled-røyret som skal inn til Nyhamna skal koplast saman med «Åsta Hansten»-prosjektet, som er noko utsett.

Utbygginga som no blir gjort kjent har ikkje kome av seg sjølv. Også lokalt har det vore arbeidd i både to og tre år med å få dette på plass.

Kor mange arbeidsplassar det er snakk om er for tidleg å seie noko om. Men meir aktivitet, og at noko skjer i denne næringa igjen, er viktig for heile Møre og Romsdal.

I nedgangstider har fleire i denne næringa tatt seg andre jobbar. No kan det vere ei lysning for dei som ønskjer å jobbe med olje- og gass.