– I grevens tid
Kontrakten er verd 300 millionar kroner, og inneber at Aker Langsten unngår permitteringane som var planlagt frå desember og inn i første kvartal neste år. Det seier visekonsernsjef Peter Tennfjord.
– Kontrakten kom absolutt i grevens tid i forhold til å gå ut med permitteringar, seier Tennfjord.
Aker Langsten
Full sysselsetting
Varselet om permittering gjekk ut for omlag to veker sidan og tilsette skulle ut i permisjon frå førstkomande fredag. No har leiinga i Langsten trekt permitteringsvarsela tilbake.
Tennfjord trur på full sysselsetting for dei omlag 230 tilsette når skroget kjem før jul.
– Ser bra ut framover
Om to veker skal Aker Langsten levere sitt bygg nummer 197. Etter det hadde dei ikkje arbeid før nærare påske neste år. Med denne kontrakten er det forandra. Arbeidet med fartøyet startar før jul og skal leverast til juni 2005.
Visekonsernsjef Peter Tennfjord seier at med denne og fleire andre kontraktar dei har fått i det siste ser det no bra ut for Langsten fram til hausten 2006.