Hopp til innhold

Matprisane auka med 10 prosent i 2023: Høgaste årsvekst sidan 1982

Årsveksten på matvareprisar er den høgaste på over 40 år, viser nye tal frå SSB. Men matvarekjede trur matprisane skal ned i året som kjem.

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol i matbutikken i Kristiansund

PRISVEKST: Det har blitt ein god del dyrare å handle i matbutikken det siste året.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag kom statistikken for kor mykje prisen på mat og andre varer har auka i året som gjekk.

Konsumprisindeksen (KPI) har stige med 4,8 prosent det siste året, frå desember 2022 til desember i fjor. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Matprisane auka med 10 prosent

I løpet av 2023, frå januar til desember, auka prisen på matvarer med 10 prosent. Det er den høgaste årsveksten på over 40 år.

– Matprisar er noko av det som er med på å trekke prisveksten opp. Så talet på 4,8 prosent er eit slags vege gjennomsnitt av mange prisar, og det som ligg og trekker oppover og har gjort det lenge er matprisane, seier avdelingssjef Espen Kristiansen i SSB.

Alle matvaregrupper auka i pris, men spesielt frukt og grønsaker, som steig med over 13 prosent. Mjølk, ost og egg var blant matvaregruppene med lågast prisvekst, trass i at prisane for desse varene samla steig med 7,6 prosent.

Ifølge Kristiansen er det også matvarer som sukker, fryst fisk og olivenolje som har stige mest i pris.

Matvarene som økte mest i pris i 2023

Årsendring (prosent)

2023

Sukker

24.1

Fryst fisk

20.1

Olivenolje

19.9

Fersk og kjølt fisk

18.6

Svinekjøtt

17

Tørket, røkt eller saltet fisk og sjømat

15.6

Frisk eller kjølt frukt

15.5

Friske eller kjølte grønnsaker unntatt poteter og andre knollvekster

15.3

Kakao og sjokoladepulver

14.4

Fryste grønnsaker unntatt poteter og andre knollvekster

14.2

Andre kornprodukter

13.3

Poteter

12.9

Mel og andre kornprodukter

12.7

Pastaprodukter og couscous

12.3

Konservert frukt og fruktbaserte produkter

12.2

Andre spiselige oljer

12.1

Kaffe

12.1

Frokostkorn

12

Storfe- og kalvekjøtt

11.8

Brød

11.2

Ekspander/minimer faktaboks

Kristiansen seier ein må tilbake til 1980-talet for å finne liknande nivå på prisveksten i Noreg, sett vekk ifrå i fjor. Då var prisveksten nemleg også svært høg.

– Dei to tala til saman gir ein prisvekst på i overkant av 11 prosent på to år. Så det er ikkje rart om folk merkar det.

Espen Kristiansen - SSB

Espen Kristiansen, avdelingssjef i SSB.

Foto: William Jobling / NRK

Meir bevisste i butikken

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol merkar godt at prisane på mat er høgare enn før. Dei har blitt meir bevisst på å sjå på dei ulike prisane på varer i butikken.

Det er jo ein ganske kraftig auke då. Matbudsjettet er kanskje ei av dei største utgiftene mange hushaldningar har, så eg trur det er ganske mange som må byrje å tenke seg om litt og sjå på alternativa, seier Gustad.

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol i matbutikken i Kristiansund

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol seier prisane gjer at dei må planlegge mathandelen, kaste mindre og bruke opp det dei har.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det finst visse matprodukt ein kan venne seg til, men ein skal ikkje leve gjerrig heller, seier Ann-Louise Nilsson, som gjer mathandelen onsdags morgon i Kristiansund. Ho er frå Sverige, men har budd i Noreg i mange år.

Har det forandra måten du handlar på?

Ja, det har det definitivt. Ein må tenke veldig sparsamt og økonomisk. Eg har prøvd å spare, og eg trur det er mange som må det no.

Ann Louise Nilsson på matbutikk i Kristiansund

Ann Louise Nilsson ser etter datovarer på butikken i Kristiansund. Ho merkar prisauken som har vore på mat det siste året.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Trur prisstiginga vil roe seg

Kjededirektør i Coop Extra, Håvard Jensen, seier at signala dei får frå marknaden no er at matvareprisane skal ned i 2024.

Håvard Jensen, kjededirektør i Coop Extra

Håvard Jensen, kjededirektør i Coop Extra, trur prisane på mat vil falle i 2024.

Foto: Espen Solli / NRK

– Vi føler signala i marknaden er slik, og vi ser også tendensar frå leverandørane vi har forhandla med, at prisane er på veg ned. Så vi håpar og trur at både statsministeren og andre får rett i det dei har spådd: at toppen er nådd og at vi vil få lågare prisar framover.

Frode Steen er økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole. Trass i høg prisauke i året som gjekk, er også han svakt optimistisk for året som kjem. Han seier den gode nyheita er at prisane ute i Europa no har byrja å falle.

Då håpar vi jo at det skal etter kvart kome heim til oss. Og eg håpar at i løpet av det året vi går inn i så skal vi sjå at det roar seg.

Ventar rentekutt

På rentemøtet i desember sette sentralbanksjef Ida Wolden Bache opp styringsrenta til 4,5 prosent. Noregs Bank skreiv då i ei pressemelding at det ville vere behov for å halde renta oppe ei god stund framover. Og at den ikkje blir sett ned før tidlegast til hausten.

– Tala er marginalt svakare enn venta, og kjerneinflasjonen er ein 0,1 prosentpoeng lågare enn det Noregs Bank har lagt til grunn. Avviket er for lite til at dette påverkar renteutsiktene. Men dette går i riktig retning. Men det er ikkje nok til at vi kan byrje å snakke om tidleg rentekutt, seier sjeføkonom Marius Hov i Handelsbanken.

Marius Gonsholt Hov sjefsøkonom Handelsbanken

Marius Hov, sjeføkonom i Handelsbanken.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Sentralbanken har varsla eitt rentekutt i løpet av året, men Hov trur vi vil få fleire rentekutt i 2024 enn det Noregs Bank har signalisert.

– Handelsbanken ventar tre rentekutt andre halvår, der det første kjem etter sommaren.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Kjersti Haugland i DNB Markets trur derimot vi kan vente oss to rentekutt i løpet av året som kjem.

– Tala er helt i tråd med det vi hadde venta på førehand. Kjerneinflasjonen, som Noregs Bank er opptekne av, fell 0,3 prosentpoeng frå november til desember, til 5,5 prosent. Det er marginalt lågare enn Noregs Bank såg for seg. Det styrkar vår tru på at første rentekutt kan kome allereie i haust.

– Den nedadgåande trenden er lovande, men det er framleis eit langt stykke igjen til målet. Vi ventar at inflasjonen vil fortsette fallet gjennom året, slik at prisveksten gradvis blir lågare.

Kjersti Haugland, sjeføkonom i DNB Markets

Kjersti Haugland, sjeføkonom i DNB Markets.

Foto: Alf Simensen / NRK