Hopp til innhold

Kommune får 100 000 kroner i førelegg – dødssjuk mann slo alarm fleire gongar

Willy Henry Kleiven (71) trykte på tryggleiksalarmen sin minst fire gongar, utan at nokon reagerte. No får Kristiansund kommune 100 000 kroner i førelegg etter dødsfallet.

Willy Henry Kleiven og barnebarna

Familien er glad for at politiet har konkludert. Her er Willy Henry Kleiven i lag med barneborna sine, Stine og Lise.

Foto: privat

Det var i desember 2016 den 71 år gamle mannen blei funnen død i heimen sin. I ettertid fann døtrene ut at han natta før hadde trykt gjentekne gongar på tryggleiksalarmen sin, men utan at nokon frå den interkommunale alarmsentralen hadde skjønt alvoret og rykt ut.

No får Kristiansund kommune 100 000 kroner i førelegg for å ikkje ha hjelpt han.

Det er eitt av få førelegg i landet som politiet har skrive ut som følgje av død på grunn av manglande helsehjelp.

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen meiner det var klare manglar i rutinane og opplæringa til kommunen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Bakgrunnen for førelegget er at kommunen ikkje hadde oppdaterte instruksar og ikkje gav tilstrekkeleg opplæring til den som var på vakt den aktuelle natta. Dermed hadde ikkje ho tilstrekkeleg kunnskap til å gjere dei vanskelge vurderingane det er å motta alarmar frå folk i distriktet om natta, seier politiadvokat Anders Skorpen Trøen.

Ufaglært og midlertidig tilsett på vakt

I grunnlaget for bota kjem det fram at operatøren som var på vakt då Willy Henry Kleiven døydde, skal ha vore ufaglært, midlertidig tilsett og åleine på arbeid. Opplæringa skal ha bestått av å vere i lag med ein erfaren medarbeidar i tre til fem dagar.

Tore Lyngvær

Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær seier Kristiansund kommune vedtek bota på 100 000 kroner.

Foto: privat

– Kristiansund kommune har i dag vedtatt førelegget. Saka har medført store endringar i måten vi har organisert og drifta alarmsentralen på, seier kommunikasjonssjef Tore Lyngvær. Han seier saka har vore ei stor belastning for alle involverte partar.

30 år gamle manualar

Allereie for eitt år sidan slo Fylkeslegen i Møre og Romsdal fast at mykje gjekk gale i desember 2016. Gjennomgangen viste at mannen trykte på alarmen første gongen klokka 00.15, deretter igjen klokka 01.41, 02.18 og den siste gongen klokka 06.10, utan at noko skjedde.

Døtrene og barnebarna til Willy Henry Kleiven

Familien har stilt mange spørsmål etter at faren og bestefaren døydde. F.h. Ann Lene Kleiven, May Britt Kleiven Øksenvåg, Stine Kleiven, Guro Kleiven og Markus Henry Kleiven Øksenvåg. Bak: Lise Kleiven.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rapporten viste også at det har vore store manglar i rutinane og i opplæringa av operatørane, og at manualane var over 30 år gamle.

Fylkeslegen konkluderte difor med at både kommunen og operatøren braut helsepersonellova den natta.

Vurderer å gå til sak

Dei pårørande vurderer å gå til sak mot Sunndal kommune, der faren budde.

– Det er bra at nokon har blitt stilt til ansvar, men vi synest ikkje det er heilt rett at Sunndal kommune ikkje tek sin del av ansvaret også. Kristiansund kommune har sitt ansvar, men vi meiner hovudansvaret ligg hos Sunndal kommune, som pappa kjøpte tenesta av, seier dotter May Britt Kleiven Øksenvåg.

Kommunen beklager

Rådmann i Sunndal kommune, Randi Dyrnes, beklagar det tragiske utfallet som saka fekk. Dyrnes seier til NRK at ho har registrert at Kristtiansund har fått ei føretaksstraff. Ho vil ikkje seie noko om Sunndal kommune sitt ansvar, ettersom det er politiet som har etterforska saka.

Ho fortel vidare at rutinane rundt tryggleiksalarmane har blitt endra i ettertid.

Les også: