NRK Meny
Normal

Dødsfall ferdig etterforska – men førebels ingen tiltalte

Willy Henry Kleiven i Sunndal blei berre 71 år gamal. Trass i at han trykte på tryggleiksalarmen fire gongar, rykte ingen ut. No er politiet ferdig å etterforske saka.

Anne Berit Lian

Politiadvokat Anne Berit Lian ved Møre og Romsdal politidistrikt seier det er vanskeleg å seie når det eventuelt blir tatt ut tiltale mot nokon i saka.

Foto: Roar Halten

Det har gått snart fire månader sidan Willy Henry Kleiven blei funnen død heime i huset sitt i Sunndal. Natt til 8. desember i fjor trykte han på tryggleiksalarmen sin fire gongar i tidsrommet mellom 00.15 og 06.10, men utan å få hjelp frå alarmsentralen i Kristiansund.

Då han blei funnen død hadde han skadar i ansiktet og hovudet, men dødsårsaka blei ikkje slått fast.

Gjort fleire avhøyr

Politiet har i vinter etterforska saka, og er no ferdige, men har førebels ikkje tatt ut tiltale mot nokon. Politiadvokat Anne Berit Lian ved Møre og Romsdal politidistrikt ønskjer ikkje å seie kva for straffebod som er aktuelle, eller kven som eventuelt kan bli tiltalte i saka.

Willy Henry Kleiven

Willy Henry Kleiven blei berre 71 år gamal. Biletet er publisert med løyve frå familien.

Foto: privat

– Vi har gjennomført avhøyr av fleire personar, mellom anna pårørande til avdøde og også personar tilknytt Kristiansund alarmsentral. Vi har også innhenta ulik dokumentasjon, seier Lian.

– Kva har kome fram i avhøyra?

– Det ønskjer eg ikkje å gå inn på, seier Lian.

Les også:

Sender saka til Fylkeslegen

Lensmannen i Sunndal, Hallvard Vermøy gjekk tidleg ut og sa at den manglande varslinga frå Kristiansund alarmsentral til heimehjelpa i Sunndal kunne vere straffbart.

– Ja, sjølvsagt kan det vere straffbart å ikkje respondere på ein slik alarm, sa han til NRK Møre og Romsdal i desember 2016. Han sa då at hovudfokus for etterforskinga framover ville vere å finne ut kva som faktisk skjedde, kva for vurderingar som blei gjort og kva for rutinar som fans.

Politiet vil no sende saka over til Fylkeslegen for uttale før det eventuelt blir tatt ut tiltale mot nokon. Lian seier bøter normalt sett vil vere den normale straffereaksjonen i ei slik sak, og at dei mellom anna vurderer om nokon har forsømt seg ved Kristiansund alarmsentral.

Vil vite om nokon kan klandrast

Johan H. Teiseth

Johan H. Teiseth hos advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS seier det er viktig for dei pårørande at noko slikt ikkje skal kunne skje igjen.

Foto: Øverbø Gjørtz AS

Johan M. Teiseth er bistandsadvokat for dei pårørande, og han seier det er viktig for dei at det blir avklart om nokon kan klandrast for det som skjedde.

– Dei var i sjokk då dette skjedde, og trur framleis at han hadde vore i live dersom han hadde fått hjelp. Så spørsmålet er om nokon har vore aktlause, seier Teiseth.

Han seier at familien er opptekne av at noko slikt ikkje skal kunne skje igjen.