Eit ekspertutval har foreslått ei ny fordeling av pengar mellom fylka når vi går frå 11 til 15 fylke neste år. Taparane er Møre og Romsdal, Rogaland, Nordland, Vestland og Troms.
– Eg skjønar godt at eit forslag frå eit utval kan vekke stort engasjement og at ein er opptekne av å synleggjere konsekvensane av det, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) understrekar at forslaget som er lagt ikkje nødvendigvis vil sjå slik ut etter det er behandla politisk.
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRKEi lang liste med ferjekutt er allereie foreslått i Møre og Romsdal. Og det kan berre vere byrjinga.
– Om ekspertutvalet får det som dei vil, må vi kutte tre gongar so mykje, meiner leiar i Samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp).
Sterke reaksjonar
Reaksjonane har vore sterke etter at det onsdag vart lagt fram forslag til kutt for ferjene i Møre og Romsdal. Så å seie alle ferjesambanda vil få kutt om forslaget går gjennom.
– Ein massakre av ferjetilbodet, uttalte Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i fylket.
Leier i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, seier at om ekspertutvalet får det som dei vil, må dei kutte tre gonger så mykje som forslaget onsdag førespegla.
Foto: Remi Sagen / NRKBåde medlemmer i samferdselsutvalet og fylkesordføraren har sagt at «fylket ikkje vil bli til å kjenne igjen».
Dei første kutta er ifølgje Kristin Sørheim eit resultat av tidlegare underfinansiering. Fylket skal også kutte 50 millionar i ferje- og kollektivtilbodet. I tillegg fryktar dei at det nye inntektssystemet vil føre til ytterlegare 188 millionar kroner i minus.
Ei oversikt over ferjesambanda som blir ramma av dei foreslåtte kutta. Dei raude rutene får kutt, medan dei grøne er uendra.
Lovar å lytte
Kommunalministeren seier forslaga om ferjekutt er opp til fylkeskommunen sjølv å svare for. Men han lovar å lytte til uroa på Nordvestlandet.
– Dei innspela som kjem frå Møre og Romsdal vil vere viktig å ta med når vi skal vurdere korleis inntektssystemet skal sjå ut, seier Gjelsvik.
Han understrekar at forslaget om ny pengefordeling mellom fylka ikkje er behandla politisk, og at det er fullt mogleg å gjere endringar.
– Korleis inntektssystemet slår ut i ulike fylke er sjølvsagt viktig å ha kartlagt. Og det er viktig at dei ulike fylka synleggjer konsekvensane av det, seier Gjelsvik.