Hopp til innhold

Knallhard kamp om lærlingplassane

Ungdom står i kø for å få lærlingplass ved gassanlegget på Nyhamna i Aukra. Men nålauget er trongt: Ved sist opptak søkte 130 elevar på åtte lærlingplassar.

Ungdom står i kø for å få lærlingeplass ved gassanlegget på Nyhamna på Aukra. Men det er eit trangt nålauge. Sist opptak søkte eitthundreogtretti elevar på åtte lærlingeplassar. Men konkurransen stoppar ikkje der.

Gasseventyret lokkar stadig unge til både studie-, lærling- og arbeidsplassar.

Det store, eller enorme, gasseventyret lokkar stadig. Nye store olje- og gassfunn genererer fleire arbeidsplassar.

Då er det ikkje rart at lærlingplassane blir kjempa hardt om.

– Norske Shell er jo veldig stort, både internasjonalt og i Noreg. Så det er store moglegheiter. Dette er vel den gjævaste lærlingplassen eg kunne tenkje meg.

Det seier Tor Torsrud Sporsem, éin av 31 lærlingar på Ormen Lange-anlegget i Nyhamna i Aukra.

Tor Torsrud Sporsem

Tor Torsrud Sporsem er klar på at han er i ein svært god posisjon.

Foto: Hans Thomas eikrem / NRK

Svært hard kamp

Å vere lærling ved anlegget i Aukra heng svært høgt. Ikkje berre er det spennande, men det er også innbringande.

Ein har gass som blir sendt til England, kontakt med enorme olje- og gassfelt og eit arbeidsmiljø med 115 tilsette.

– For det første er det ein veldig bra plass, og eit bra arbeidsmiljø. Og så ser det sjølvsagt veldig bra ut på CV-en i etterkant at du har jobba her, seier Gjøran Bjøringsøy – endå ein av lærlingane.

Konkurransen om desse plassane er stor.

– Det er veldig høgt snitt, og det skal eigentleg mykje til, fortel han.

Stor jubel for Aasta Hansteen

Utsiktene er heller ikkje så galne for dei heldige lærlingane.

For ikkje lenge sidan blei det klart at gassen frå Aasta Hansteen-feltet i Nordland òg skal ilandførast på Nyhamna.

Ikkje lenge før mange av lærlingane si læretid er over, ligg den største industriutbygginga rett framfor føtene deira.

– Det er veldig spennande. For vi kjenner anlegget som lærlingar no. Vi blir veldig interesserte i kva som skjer her vidare, fortel Torsrud Sporsem.

– Og moglegheitene for jobb er store. Dei treng folk, og det veit vi. Vi har gått her i to år og kan dette. Vi kan nærmast gå rett.

– De sit på den grøne grein?

– Ja, vi gjer det, avsluttar lærlingen smilande.

Lærlingar på Nyhamna

Denne gjengen med lærlingar har ikkje akkurat mørke framtidsutsikter. Olje og gass er framleis ei næring som trekkjer til seg mange unge.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK