Hopp til innhold

Kleppa står på sitt

- Det vert ikkje noko byggeforbod langs Storfjorden, slik ein del ordførarar hevdar, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Torsdag vart høyringsutkastet til ny forskrift for bygging langs Storfjorden lagt fram, og fleire ordførarar langs fjorden meiner forslaget i praksis innebar byggjeforbod, fordi det berre skulle vere lov å byggje lagerbygg.

LES MEIR: Framleis byggeforbod

Det har ikkje vore lov å byggje langs Storfjorden dei siste to åra fordi ei steinblokk frå Åkneset kjem til å rase i fjorden og lage ei stor flodbølgje.

Gjentar seg sjølv

Tidleg i juni fortalde kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa at byggjeforbodet skulle opphevast:

LES MEIR: Tillet bygging der flodbølgja kjem

Den versjonen held ho framleis på.

- Det stemmer ikkje at det berre skal vere lov å byggje lagerbygg langs Storfjorden, seier Kleppa.

Håper på mykje engasjement

Ho seier forskrifta er meint å bidra til utvikling i kommunar der det no ikkje har vore mogeleg å byggje på grunn av byggjeforbodet.

Kleppa vil likevel understreke at dette er ei høyring.

- Og då er det veldig viktig at alle engasjerer seg og sender inn tilbakemeldingane til oss. Regjeringa skal ta endeleg stilling til ei eventuell forskriftsendring når høyringsfristen har gått ut.

Skal ta tre omsyn

- Men du er innstilt på å tillate næringsverksemd i det området som fram til no har vore ulovleg å byggje i?

- Svaret på det er ja. Her er tre omsyn å ta: At ei utbyggjing skal vere avklart i plan, det andre er at persontryggleiken skal vere ivaretatt og det tredje er nettopp omsynet til konsekvensane av det byggjeforbodet som er der i dag.