- Dette er dramatisk for utviklinga av bygdene langs Storfjorden, seier ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset.
Jubla for tidleg
- Eg føler meg som haren i eventyret om reveenka, seier ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset. Først jubla vi for noko som var veldig bra, men ved nærare ettersyn var det ikkje så bra likevel.
Statsråden sa noko anna
-Dette er ikkje slik vi oppfatta statsråden sine signal då vi tok opp saka, seier ordføraren.
Ruset vil ikke spekulere i hva som har skjedd. Men han konstaterer at det er betydelig avstand mellom det statsråd Magnhild Meltveit Kleppa har lova, og det som departementet no legg opp til.
-Dei vil berre tillate bygging av lagerbygg, og dette er svært dramatisk for bygdene rundt Storfjorden. Vi har allereie sendt ein uttale frå formannskapet til departmentet og i dag vil eg be kommunestyret gjere det samme, seier Ruset.
Glede i desember
Det var i desember at kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa opna for utbygging langs Storfjorden.
Då hadde det i omlag to og eit halvt år har det vore byggjeforbod på grunn av fare for eit storras frå fjellet Åkneset.
Kleppa meinte i desember at risikoen for ras var redusert på grunn av overvåkingssystemet som er innført.
Kommunane jubla for ministeren og næringslivet var nøgd.