Hopp til innhold

Klart for folkerøysting i Kristiansund

Kristiansund kommune skal gjennomføre folkerøysting om regiontilhøyrsle. Dermed får innbyggjarane kome med sitt råd, før politikarane skal bestemme om kommunen skal vere ein del av Møre og Romsdal eller Trøndelag i framtida.

Førehandsrøystinga startar 28. desember på kjøpesentera Alti Storkaia brygge og Alti furtura. Sjølve valdagen blir 17. januar, og då kan ein røyste i Bystyresalen på rådhuset frå klokka 09:00 til 20:00. Kommunen vil halde eit digitalt folkemøte om saka på sine nettsider tysdag 14. desember klokka 17:00. Det skriv kommunen i ei pressemelding.

Kristiansund sett fra sør.
Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL