Glamox har lagt ut prospekt på området der fabrikken ligg i Molde. Dei har sagt frå til eigarane at dei ønskjer å kjøpe tilbake fabrikkområdet dei selde i 2000. Fram til no har Glamox leigd området, men no kjøper Glamox både tomta og anlegget tilbake, seier konsernsjef Kjell Stamnes.
Kjell Stamnes (Foto: Gunnar Sandvik)
Klausul
Då Glamox selde det attraktive området ved det nedlagde Gilde-slakteriet i Molde, låg det inne i kontrakten at selskapet kunne kjøpe tilbake tomta og bygningane. Dei leigde området for 15 år av eigargruppa som kjøpte frå dei. Kontrakten hadde ein klausul om at dei kunne kjøpe eigedommen tilbake.
– Økonomisk vinning
Fristen for å bestemme seg var 15. desember 2004. Glamox bestemte seg for å kjøpe tilbake området som vil vere tilgjengeleg for dei 15. desember i år. Målet er økonomisk vinning, seier konsernsjef Kjell Stamnes.
Glamox håper både på ein gevinst ved å selje og på å oppnå lågare leigekostnader og dermed lågare driftsutgifter, seier Stamnes.