Hopp til innhold

– Eg er fullstendig forelska

Førstegongsseglarane som segla med seglskuta Sørlandet har både flørta med kvarandre og lagt sin elsk på segling. – Eg har fullstendig forelska meg skipet, seier Nine Indrestrand (17).

Nine Indrestrand

FORELSKA: Nine Indrestrand (17) har vore på sitt første seglar, og ho er heilt frelst på segling. Ho har bestemt seg for å søke jobb på båten ho segla med.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Seglskuta Sørlandet

ELSKAR SKUTA: Nine Indrestrand elskar seglskuta Sørlandet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg elskar å vera på sjøen, og elskar bølgene. Berre det å kunne sovne når du er i eitt med bølgene, det er så herleg. Det finst ikkje noko betre følelse enn det, seier Nine Indrestrand.

– Det er første gong du seglar. Er du frelst?

– Så absolutt. Det er herleg!

Godt kjende

Ho er frå Ålesund, og er ein av dei som har segla med seglskuta Sørlandet i tre veker, først frå Kristiansand og til Stavanger. Deretter gjekk turen til Belfast, og så til Geiranger og til Ålesund.

Ho synest absolutt alt har vore bra på turen, og ho elskar jobben på skuta.

Seglskuta Sørlandet

LÆRERIKT: Nine Indrestrand har lært mykje om tau på seglturen. Ho har bestemt seg for å jobbe på seglskuta Sørlandet om to år.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Kor kjekt det er kjem heilt an på kva folk ein er med, og miljøet på båten. Dei som jobbar her er utruleg hyggelege. Det er veldig mange koselege folk, ein fin gjeng, seier Nine.

– Eg har blitt godt kjend med medseglarane, for me søv jo alle i eitt rom. Det er vanskeleg å ikkje bli kjent med dei for det er veldig lite privatliv om bord. Den einaste plassen ein får vera litt åleine er vel på do.

Drøymelivet er å segle

Nine Indrestrand har tidlegare vore eitt år på «Sjøkurs», det som no er sommarbåten til NRK, men ho likar betre segling.

Sørlandet

FLOTT: Sørlandet er skuta Nine Indrestrand har forelska seg i.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Velkomstane me har fått har vore utruleg artige, og då me segla ut frå Belfast var det ein mann som sat og spelte sekkepipe i ein båt som køyrde ved sida av oss. Det var gøy, seier Nine.

– Me har sett hai, delfinar, og spekkhoggar. Det er ting ein hugsar, seier ho.

Skal du segle igjen?

– Åja, heilt klart. Eg har alt snakka med mannskapet, og om to år, når dei er ferdig med jordomseglinga, så skal eg søke meg jobb her, seier ho.

Er det drøymelivet?

– Heilt klart, men det må vera denne båten, seier Nine og klappar på benken ho sit på.

Kjærleik i lufta

Både Nine Indrestrand og dei to medseglarane Teodor Skjelbred Knudsen frå Høvåg, og Brede Eliassen frå Mandal innrømmer at det blir mykje flørting om bord på seglskuta når dei er på tur.

Nine Indrestrand, Teodor Skjelbred Knudsen, Brede Eliassen

FLØRTING: Dei tre innrømmer at det er flørting om bord på seglskuta når dei seglar. Nine (venstre) har funne seg ein på seglas, Teodor (midten) ventar på at det skal komme nokon på båten, og Brede (høgre) har fått kjensler for ei som bur i Hellas.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er eit par her som har funne kvarandre, men ikkje eg. Eg får satse på at det kjem nokon her i Ålesund som skal vidare til Kristiansand, seier Teodor Skjelbred Knudsen.

– Eg har flørta med alle jentene på båten, men eg fann ut i går at eg har fått litt kjensler for ei. Ho reiste i dag tidleg, så no må eg vel reise til Hellas for det er der ho kjem frå, seier Brede Eliassen.

Medan det er usikkert korleis det går med kjærleiken for dei to, så er det litt meir sikkert for Nine Indrestrand.

– Eg fann meg ein her, og eg trur me var det einaste paret her. Det starta i Belfast og held framleis på. Det blir litt vanskeleg, fordi han bur i Kristiansand, og eg i Ålesund, så me får sjå korleis det går, seier ho.

– Eg likar han veldig godt. Me har det utruleg kjekt saman, og han verdas finaste brune auga, seier ho.