Hopp til innhold

– Kvar kamp er som cupfinalen

Kristiansund Handballklubb (KHK) slo Sandefjord 25-22 i kveldens kamp i Braathallen. Dermed kan det framleis vere muleg for 1. divisjonslaget å rykke opp til elitedivisjonen.

Gunnar Magnusson

JUBEL: Det er blitt mykje jubel på KHK-trenar Gunnar Magnusson denne sesongen. Dei siste kampane blir svært spennande.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er svært jamt i toppen i 1. divisjon handball for menn.

– Kvar kamp er som cupfinalen no i sluttspurten, seier KHK-trenar Gunnar Magnusson til NRK.

Les også:

Direkte opprykk er no utanfor rekkevidde for KHK. Men kvalikplassen er i boks dersom laget frå nordmørsbyen vinn dei to siste kampane.

Spennande

Det er altså svært spennande tider for Kristiansund Handballklubb. Det meiner trenaren, Gunnar Magnusson, er udelt positivt.

– Det er sånn det skal vere. Det er berre kjempeartig for gutane og klubben å spele så viktige kampar. Det er ei bra erfaring for oss alle.

– Og du trur det går bra til slutt?

– Eg har tru på gutane. Vi skal gjere alt vi kan, og vi kjemper til siste sekund. Men om vi ikkje klarer å rykke opp i år, så er vi godt forberedt til å klare det neste år, seier Magnusson.

Stor interesse

Interessen for handball er stor i Kristiansund for tida. Også i Magnussons heimland Island er det interesse for den spennande sluttspurten til KHK.

– Det er mykje meir interesse no enn før, og det er kjempeartig, slår trenaren fast.