Hopp til innhold

Kristiansund tapte viktig bortekamp

Det enda i tap 25–21 borte mot Kolstad for Kristiansund sine handballherrar. Det gjer at opprykkshåpet plutseleg er langt mindre.

Gunnar Magnusson

Gunnar Magnusson var skuffa etter bortekampen mot Kolstad onsdag kveld.

Foto: Roar Halten / NRK

I november vann Kristiansund heile 33–22 mot Kolstad, då på heimebane.

I bortekampen onsdag kveld blei det ein langt mørkare kveld.

Til pause stod det 15–9 til trønderlaget, før gapet ned til Kristiansund blei større og større i andre omgang. Trass i ein god innspurt tapte KHK 25–21.

– Vi starta kampen veldig dårleg, noko som gjorde det vanskeleg å kome tilbake, sa KHK-trenar Gunnar Magnusson etter kampen.

– Spesielt 15 minutt er eg veldig skuffa over. Vi kjempar oss tilbake i kampen etter kvart, men det blei mykje bom og mange nøkkelspelarar som ikkje var heilt med.

Små opprykkssjansar, men ikkje umogleg

Med KHK-tap kunne både Falk-Horten og Halde Topphåndball rykkje frå i kampen om andre- og tredjeplassen.

Det klarte berre Halde Topphåndball. Med tre kampar igjen ligg Falk-Horten eitt poeng føre KHK, medan Halden har to poengs forsprang.

KHK møter derimot Halde på bortebane, og har dermed moglegheita til å hente inn forspranget.

– Det blir vanskeleg og vi må vere heldige, meiner Magnusson.

– Men vi skal gi alt til siste speleminutt. Men i dag var det skuffande, der vi ikkje presterte som normalt. Kolstad var best.

I 1. divisjon for herrar i handball er første- og andreplass direkte opprykk, medan tredjeplass betyr kvalifisering mot det tredje dårlegaste laget i eliteserien. På førsteplass finn ein Stord Elite, som så å seie allereie er opprykksklare.