Hopp til innhold

Håper på idrettsstorby med opprykk

I fjor fekk Kristiansund eit fotballag i 1. divisjon for første gong sidan 1999. Frå før har byen volleyballag i toppdivisjonen og lange brytetradisjonar. No håper handballtrenar Gunnar Magnusson at byen blir ein idrettsstorby.

Gunnar Magnusson

KHK-trenar Gunnar Magnusson ser føre seg Kristiansund som ein stor idrettsby, med topplag i fotball, handball og volleyball.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det kan bli fantastisk. Kristiansund kan bli ein stor idrettsby, plutseleg, på kort tid, seier Gunnar Magnusson.

Han er trenar for herrelaget i Kristiansund handballklubb, som no kjempar hardt for å rykkje opp til eliteserien i handball.

I fjor haust rykka Kristiansund Ballklubb opp til 1. divisjon i fotball. Det er første gong Kristiansund og Nordmøre har eit lag i 1. divisjon sidan Clausenengen sitt eine år i divisjonen i 1999.

Byen har lage brytetradisjonar og eit aktivt symjemiljø, i tillegg til eit volleyballag i toppdivisjonen.

No vil Magnusson at handballen òg skal ta steget heilt opp, etter to år i 1. divisjon.

– Store veker for klubben

– Vi hadde litt sjansen på opprykk i fjor, seier KHK-trenaren.

Då blei det ikkje opprykk til eliteserien, eller Postenligaen som toppdivisjonen no er kjent som.

– No er dette vårt andre år i 1. divisjon og vi kjempar hardt for å klare opprykket. Eg trur ikkje noko handballag i fylket har vore i Postenligaen før, så det er store veker for klubben, byen og fylket.

– Blir det ikkje opprykk i år prøver i igjen neste år, men no gir vi alt for opprykk i vår, slår Magnusson fast.

Gunnar Magnusson

Gunnar Magnusson trur bortekampane mot Halden og Stord blir spesielt tøffe.

Foto: Roar Halten / NRK

Toppkamp i kveld

No står det igjen berre seks kampar for Kristiansund, den første av dei i kveld. Det blir fort den tøffaste òg.

– Vi forventar ein tøff kamp borte mot Stord, som er på toppen av tabellen. Men vi har ein god sjanse til å ta med oss to poeng.

Stord toppar 1. divisjon med 28 poeng, følgt av Falk-Horten (25) og Halden (24) Topphåndball. Dei tre laga har 17 spelte kampar.

Kristiansund har spelt 16 kampar og har 24 poeng. Dermed er dei sikra andreplassen og direkte opprykk om det blir seks sigrar.

– Kvar kamp er ein finale no. Taper vi ein kamp må vi stole på andre resultat, men alle slår alle i denne divisjonen.

– Må ha to av tre

Magnusson er klar på at det helst blir tre sigrar og seks poeng på heimebane. Der er Vålerenga, Sandefjord og St. Hallvard – tre lag på nedre halvdel – motstandarar.

Dei tre bortekampane, mot Stord, Halden og Kolstad blir dei tøffaste, trur trenaren.

– Får vi ikkje to poeng mot Stord no må vi kjempe om andreplassen. Halden-kampen kan då bli ein finalekamp. Vi må nok uansett vinne to av tre bortekampar.

Bortekampen mot Kolstad blir «kampen om Midt-Noreg», ifølgje Magnusson.

– Det blir nokre spennande veker, men vi er i bra form.

– Eg synest vi har spelt veldig bra i dei siste kampane, så vi er klare for å møte både Stord og dei andre. Vi drøymer om Postenligaen, men spelarane har heile tida fokus på neste kamp, avsluttar Magnusson.

Attståande kampar:

27. februar, 19.00: Stord Elite mot Kristiansund

3. mars, 16.00: Kristiansund mot Vålerenga

6. mars, 18.30: Kolstad mot Kristiansund

13. mars, 16.30: Kristiansund mot Sandefjord Håndball

17. mars, 16.00: Halden Topphåndball mot Kristiansund

24. mars, 16.00: Kristiansund mot St. Hallvard