Gjer seg klar til landslagskampen

I Braatthallen i Kristiansund held dei frivillige på med dei siste førebuingane før landslagskampen i handball onsdag.

Arnt Alsli

– For oss som held på med frivillig arbeid heile året så er dette eit ekstra krydder i kvardagen, seier Arnt Sverre Alsli, i Kristiansund HK. (Arkivbilete)

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Det er berre eitt døgn igjen til Kristiansund skal arrangere EM-kvalifiseringskampen mellom det norske og det tyrkiske herrelandslaget i handball.

Førebuingane er i gong med nytt sportsgolv og utvida tribunane. Totalt vil hallen kunne huse 3000 personar når kampen blir blåst i gong onsdag.

– Det er framleis nokre billettar igjen, så det er berre å kome, seier Arnt Sverre Alsli, arrangementsansvarleg ved Kristiansund Handballklubb.

I Kristiansund har nærare femti frivillige jobba dei siste månadene for å gjere alt klart til kampen. I går ettermiddag møtte om lag førti frivillige opp i Braatthallen for å gjere hallen klar for onsdagens landslagskamp i handball mellom Noreg og Tyrkia.

Krydder i kvardagen

Det er no nokre år sidan førre gong det var arrangert landslagskamp i handball i Kristiansund, men handballgutane har gjesta hallen ved fleire tidlegare anledningar. Umbro-Cup i 2006 blei spelt i Braatthallen, og i 2007 spelte Noreg mot Finland.

Kampen mot Tyrkia onsdag er den fyrste av seks kvalifiseringskampar til EM 2016 i Polen. Landslagssjef Christian Berge og handballgutane opnar difor kvalifiseringsrunden med ein heimekamp i Braatthallen.

– Eg lovar at det kjem til å vere tempo og smell i taklingane. Vi møter eit robust fysisk lag som ikkje kjem til å gi seg, seier Berge.

Arnt Sverre Alsli seier dei ser fram til kampen, og innrømmer at besøket gir ei ekstra vitamininnsprøyting til alle dei involverte.

– Det er utruleg kjekt. For oss som held på med frivillig arbeid heile året så er dette eit ekstra krydder i kvardagen. Det krev trass alt litt meir å arrangere ein landskamp, seier han.

I dag varma handballandslaget opp med fisking frå sundbåten i Kristiansund.

(Saka fortset under videoen)

Det er berre eitt døgn igjen til Kristiansund skal arrangere EM-kvalifiseringskampen mellom det norske og det tyrkiske herrelandslaget i handball.

Handballandslaget var med på fisking frå sundbåten i Kristiansund tirsdag.

Motiverande besøk

Arnt Sverre Alsli håpar å fylle heile Braatthallen til landskampen. Han meiner slike arrangement er viktige for rekrutteringa til handballen og for å spreie interessa rundt handball til både store og små.

– Eg tykkjer det er kjempebra at Handballforbundet vel å ha nokre av desse kampane ute i distrikta. Det er noko spesielt å kunne sjå ein landskamp live og ikkje på tv, seier han.

Alsli meiner at kampen kan vere god reklame både for fylket og for Kristiansund. Han trur mange av spelarane let seg inspirere av besøket frå landslaget.

– Det er klart det er motiverande å sjå nokon som speler på toppnivå. For nokre av spelarane vil det vere noko å strekkje seg etter, seier Alsli.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.