KBK snudde kampen

Kristiansund BK tok kontrollen i andre omgang av søndagens kamp mot Viking. Viking leia etter første omgang, men i andre omgang var det KBK som stod for måla. Olaus Jair Skarsem sette ballen i mål for KBK etter 65 spelte minutt og stillinga stod dermed 1–1. Tre minutt før kampslutt kunne Dan Peter Stensøe Ulvestad gi nordmøringane meir å juble for då han scora lagets andre mål. Det resulterte i siger og tre poeng til KBK.

Kristiansunds Amidou Diop i aksjon under eliteseriekampen i fotball mellom Viking og Kristiansund
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix