Hopp til innhold

Sur stemning i garderoben etter totalkollaps

Etter 60 minutt leia KBK 3–0 borte mot Strømmen. Så rakna det totalt. – Vi må lære av det og gå vidare, seier KBK-assistent Ole Olsen.

KBK-Bærum

KBK-spelarane rota vekk to poeng borte mot Strømmen. Her er stemninga dårleg etter ein tidlegare bortekamp mot Bærum.

Foto: Roar Halten / NRK

Laster innhold, vennligst vent..
Ole Olsen

Ole Olsen, assistenttrenar i KBK, fortel om dårleg stemning i garderoben etter kamp.

Foto: Allan Rune Eikrem / NRK

– Hadde nokon sagt i dag tidleg at vi skulle ta med oss eitt poeng herfrå, så hadde eg vore greitt fornøgd, fortel assistenttrenar Olsen til NRK.

– Men slik kampen utvikla seg, med 3–0 og ein halvtime igjen, ja, då er vi skuffa, slår han fast.

For Liridon Kalludra hadde scora 0–1 og 0–2 etter 11 og 55 minutt for KBK. Daouda Bamba la på til 0–3 etter 60 minutt.

– Manglande rutine

Så rakna det.

Strømmen reduserte til 1–3 etter 64 minutt ved Mustafa Achrifi og til 2–3 etter 75 minutt ved George White. Så blei 3–3 lagt i nettet av Kristian Jahr fem minutt før slutt.

– Dei fekk næring på 3–1 og byrja å lempe framover. Det beherska vi ikkje heilt, altså. Eg vil skrive det på manglande rutine, seier Olsen.

Han meiner uansett at kollapsen er svært, svært lite bra.

– Men vi hadde ein open målsjanse på overtid på 3-3, så det kunna bikka vår veg.

Ser framover

Stemninga i KBK-troppen etter to tapte poeng var ikkje gode, skal vi tru assistenttrenaren.

– Nei, det var litt surt, veit du. Når du har tre poeng i boks og går på ein sånn smell, så er det ikkje kjekt. Men vi må lære av det og gå vidare, slår Olsen fast.

For sesongopninga har vore grei, med to sigrar, to tap og éin uavgjort.

– Med eitt poeng borte og tre heime i snitt blir det bra, då kjem vi høgt om vi held fram.

– Men det blir kanskje enda betre om to poeng ikkje ryk når de leiar 3-0?

– Ja, det seier seg sjølv, humrar Olsen, før han rundar av:

– Men vi får ta igjen det tapte. Det er kamp igjen allereie søndag mot Hønefoss heime. Og det er det fine med fotballen; du får alltid ein ny sjanse!

Laster innhold, vennligst vent..