Hopp til innhold

– Heilt sjukt å setje rekord så tidleg i sesongen

ULSTEINVIK (NRK): Karsten Warholm gav publikum verkeleg valuta for pengane då han sette ny norsk rekord på heimebane under Dimna Games i Ulsteinvik laurdag. Rekorden på 400 meter flatt innandørs er årsbeste i Europa på sterke 45.88.

REKORDLØPET: Se Karsten Warholms rekordløp fra Dimnahallen.

Warholm hadde sjølv rekorden frå før og han forbetra dermed sin eigen rekord med åtte hundredelar. Den gamle rekorden sette han i den same hallen for om lag eitt år sidan.

– Dette var heilt fantastisk. Eg er glad for at eg fekk høve til å konkurrere her på heimebane. Her er det ei enorm stemning At eg også skulle setje ny norsk rekord er ein nydeleg start på året, seier Karsten Warholm til NRK.

Karsten Warholm

Populær: Karsten Warholm skriv autografar etter Noregs-rekorden på 400-meter i heimbygda Ulsteinvik.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

– Ingen betre plass enn Ulsteinvik

Det er framleis berre januar og 2018-sesongen har knapt starta enno. Og Warholm er heilt overvelda og utruleg glad for at han sette rekorden i bygda der han har bygd stein på stein i karrieren sin.

– Det er heilt sjukt å sette rekord så pass tidleg. Dette gjev ein god indikator vidare framover. Og det finst ingen betre plass å gjere noko slikt enn her i Ulsteinvik.

Best i Europa

Årsbeste i verdssamanheng på 400 meter flatt innandørs er på 45.48. Dermed er tida til Warholm litt bak dette. Men dagens rekord frå Warholm er årsbeste i Europa. Og tida er godt under VM-kravet på 46.70.

Under stemnet i Ulsteinvik var det berre polske Patryk Adamczyk som klarte å følgje Warholm med tida 47.75.

Siktar mot EM

Karsten Warholm går no inn i ein tøff treningsperiode fram mot dei store internasjonale stemna som kjem utover i sesongen. Warholm reknar med å hoppe over innandørs-VM i mars og satsar sterkt inn mot utandørssesongen.

– No blir det tøft. Og eg har mykje motivasjon inne. Eg kosar med når eg trenar. Eg ser stadige forbetringar og det er ikkje noko som er meir motiverande enn det. Svært mykje kjem til å handle om EM i Berlin i august. Og det vi gjorde i dag var ei svært god gjennomkøyring, seier Karsten Warholm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL