Warholm med gull i Doha
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Karsten Warholm

Oppsummert

Karsten Warholm er fødd i Ulsteinvik i 1996 og representerer Dimna Idrettslag. Han vart verdsmeister på 400 meter hekk i London 2017, Europameister i Berlin 2018 og verdsmeister i Doha i 2019. Han har ei lang rekke med norske meisterskap.

  • Kåra til århundrets beste

    Karsten Warholm og Tone Gravvold er kåra til Århundrets idrettsutøvarar i Møre og Romsdal. Prisane vart delte ut på Møre og Romsdal idrettskrets sin jubileumsgalla i Molde laurdag kveld. Tone Gravvold har fleire medaljar frå paralympiske leikar.

    Karsten Warholm og Tone Gravvold
    Foto: Tore Ellingseter / NRK
  • Likar seg på toppen av pallen

    – Eg kunne ønske det varte lenger, seier Karsten Warholm om minutta på toppen av sigerspallen under VM i friidrett i Doha tysdag kveld.

  • Medaljeseremonien i Doha

    Karsten Warholm fekk gullmedaljen sin i Doha tysdag kveld.

Eit fullsett Sjøborg kulturhus jubla for Karsten Warholm si gullmedalje i VM på 400 meter hekk.