Hopp til innhold

Karakteriserte køyreopplæringa som «svært mangelfull» – gav likevel godkjenning til 12 elevar

Først slakta Statens vegvesen opplæringa av ferske yrkessjåførar og trekte inn løyvet til køyreskulen på Sunnmøre som straff. Trygg Trafikk reagerer på at dei deretter godkjende yrkessjåførutdanninga til samtlege elevar.

Langvatn Trafikkskule førerkort

Utskrifta frå førarkortregisteret viser at den siste kursdeltakaren som deltok på det omstridde kurset i fjor sommar, sikra seg løyve som yrkessjåfør så seint som 12. februar 2018. Dette skjedde fleire månader etter at vegvesenet hadde trekt tilbake løyvet til å utdanne yrkessjåførar.

Foto: Skjermdump/BAARD OLE GRØTTA / NRK

Det var fjor sommar folk frå Statens vegvesen i skjul spana på opplæringa av ferske yrkessjåførar ved Langvatn køyreskule i Volda på Sunnmøre.

Der konkluderte dei med at skulen droppa vesentlege deler av teoriundervisninga, og at elevane berre skal ha fått 45 minutt praktisk køyreopplæring. Dette meinte dei gjorde at opplæringa var svært mangelfull.

Men i staden for å be elevane ta kurset på nytt, har alle 12 sjåførane i løpet av hausten og vinteren avlagt den avsluttande teoriprøven i lokala til Statens vegvesen – og fått status som yrkessjåførar.

fagleder i tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, Rune Granum

Fagleiar Rune Granum seier det ville vere svært inngripande om elevane som har fått mangelfull opplæring ikkje fekk godkjent kurs.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Jau, det er eit paradoks, men samtidig vil det vere svært inngripande overfor elevane som ein uskuldig tredjepart, seier fagleiar i tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, Rune Granum.

Han viser til at det viktigaste for dei var å stanse praksisen hos lærestaden, og seier elevane truleg hadde fått med seg mykje, sidan alle har bestått teoriprøven. 1. september 2017 miste Langvatn løyvet til å drive yrkessjåførutdanning i åtte månader framover.

Trygg Trafikk er skeptisk

Trygg Trafikk meiner det er eit paradoks at lærestaden misser løyvet til utdanning av yrkessjåførar, samtidig som det siste kullet får godkjende papir.

– Det er klart at det er tvilsamt, og ein kunne kanskje stilt spørsmål om dei burde vore underkjente og ikkje fekk løyve til å gå opp i slike tilfelle, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Audun Heggestad

Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane seier vegvesenet burde vurdert å underkjenne kurset for yrkessjåførane som har fått mangelfull opplæring. Han er talsmann for Trygg Trafikk i tungtransport-saker.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Etter det NRK kjenner til er dei 12 sjåførane heimehøyrande på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. 11 av dei er menn, dei aller fleste i 20-åra.

Kurset dei gjekk på skulle i teorien gje dei 140 timars teoretisk og praktisk yrkessjåførutdanning, i etterkant av å ha tatt sertifikat for buss/lastebil. Ein gjennomgang av breva mellom vegvesenet og Langvatn køyreskule viser at den teoretiske undervisninga var forkorta med mange timar, og heilt avlyst på minst ein av dei innmelde kursdagane.

Ikkje meldt sakene til politiet

Det finst ingen oversikt over kor mange yrkessjåførar som kan ha fått godkjende kurs utan å faktisk ha fått den utdanninga dei skulle. Arbeidsgjevarane deira veit truleg ingenting og Statens vegvesen har heller ikkje meldt saka til politiet.

– Vi meiner at reaksjonane vi har til rådevelde er tilstrekkelege, seier Granum i vegvesenet.

Nyleg fortalte NRK også om tre lærarar til yrkessjåførarar i Trøndelag og Sogn og Fjordane, som har juksa med førarkorta sine. Heller ikkje denne saka er meld til politiet.

– Lite konstruktivt

I tre dagar låg inspektørane frå Statens vegvesen i skjul utanfor Langvatn køyreskule i Volda, utan å gje seg til kjenne eller gripe inn overfor det dei meinte var svært mangelfullt.

Langvatn trafikkskule

Langvatn trafikkskule har mist retten til å drive opplæring av yrkessjåførar i åtte månader etter at vegvesenet avslørte at dei juksa med undervisninga.

Foto: Baard Ole Grøtta / NRK

Leiinga ved køyreskulen vil ikkje kommentere saka, men i korrespondansen med vegvesenet, skriv advokat Martin Olsen Høye at «hans klient er overrasket over at tilsynsseksjonen avholder uanmeldte tilsyn på avstand uten å gi seg til kjenne for lærestedet. Videre at det oppleves som lite konstruktivt at Tilsynsseksjonen observerer ureglementerte forhold uten å gripe inn for å veilede lærestedet».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL