Hopp til innhold

Kapteinen på tribunen: – Heilt forferdeleg

Bjørn Helge Riise må sjå kampen frå tribuneplass, etter at han fekk gult kort mot Odd på måndag. Det ser han definitivt ikkje fram til.

NM fotball menn 2017, 4. runde: Stabæk-Aalesund (3-0)

TRIBUNEPLASS: Bjørn Helge Riise fekk gult kort mot Odd på måndag, og får derfor ikkje spele dagens kamp mot Sogndal.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det blir heilt forferdeleg. Eg er mykje meir roleg når eg er på bana sjølv. Spesielt i ein så viktig kamp som i dag er det heilt jævlig å sitte og sjå på, seier Riise før kampen.

Riise seier at spelargruppa er litt prega av tabellsituasjonen, men er overbevist om at fokuset er på rett plass før ein svært viktig kamp.

– Dette er ein sekspoengskamp. I den situasjonen vi er i no, er dette ein kamp vi må vinne, seier han.

Tung periode

Sunnmøringane fekk ein skikkeleg opptur då Odd blei banka 5–1, etter hat trick av Lars Veldwijk. Etter det har det vore tungt for sunnmøringane, som ikkje har tatt ein einaste trepoengar.

Dersom det ikkje går vegen i dag, kan dei oransje avslutte den 23. runden på kvalifiseringsplass.

Dei siste åtte kampane har AaFK scora ni mål, men sleppt inn heile 17. Dermed har det blitt fem tap og tre uavgjort før dagens kamp mot Sogndal.

Tett tabell

Aalesund jaktar tre poeng mot Sogndal, i ein kamp som kan ha mykje å seie for tabellposisjonen.

Det er få poeng som skil laga på nedre del av tabellen, og Sogndal ser nok sitt snitt til å ta steget opp frå 14.-plassen.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL