Hopp til innhold

– Min er fem centimeter lengre enn sunnmøringen sin

På brua på «Allure of the Seas» står kapteinen frå Nordmøre og smiler over sunnmøringen som trudde det var han som var kaptein på verdas største cruisebåt.

Trym Selvåg frå Ulsteinvik og Tommy Nyseter frå Frei er kapteinar

Trym Selvåg frå Ulsteinvik og Tommy Nyseter frå Frei er kapteinar.

Foto: Ivar Lid Riise/Frode Berg / NRK

Tommy Nyseter er sikker på at han har slått sunnmøringen Trym Selvåg som er kaptein på søsterskipet «Oasis of the Seas».

Begge skipa skulle ha blitt 360 meter, men målingar viser at «Allure of the Seas» blei fem centimeter lengre.

– Det er ei stor ære å vere kaptein på verdas største cruiseskip, eg er svært audmjuk for det ansvaret eg har fått, seier Nyseter.

– Det er berre å kome med målbandet!

Kapteinen frå Frei utfordrar dei som tvilar på at «Allure of the Seas» er det største cruiseskipet i verda til å kome og kontrollere det sjølve.

– Dei får berre kome med målband og måle, då, ler han.

– Neidå, det er ikkje noko tvil om det. Vi har nokså sterke bevis på at dette cruiseskipet er det største i verda.

MS Oasis of the Seas

MS Allure of the Seas er verdas lengste cruiseskip.

Foto: Frode Berg / NRK

– Er det vanskeleg å manøvrere eit så stort skip?

– Nei, det er ikkje det. Eg har vore kaptein på eit mykje mindre skip også og det var faktisk vanskelegare å manøvrere. Her er det store krefter i sving.

– Heilt fantastisk å vere på cruise!

Om bord i verdas største cruiceskip har kapteinen med 6500 passasjerar som jaktar på nye opplevingar. To av dei er Hans Jakob og Siv Lande frå Fosnavåg.

– Vi har vore så mange plassar rundt om i verda på hotell og sandstrender, at no tenkte vi at vi skulle fare på cruise, fortel Hans Jakob Lande.

– Det var veldig mange som snakka positivt om det å feriere på ein cruisebåt, så då måtte vi også berre prøve det!

MS Allure of the Seas

Midt i båten kan ein sjå fleire etasjar ned på «Central Park».

Foto: Frode Berg / NRK

Dei to er ikkje i tvil om at dette var «ein innartiar».

– Det er noko heilt nytt for oss. Vi er vande med vanlege sydenturar, men dette er noko heilt anna. Det er heilt fantastisk, skryt Siv Lande.

Pendlar mellom Frei og Florida

Og det er altså kapteinen frå Frei som bringar passasjerane trygt rundt i Karibien. Han pendlar mellom Frei og Florida kvar tiande veke.

– I dag er ikkje det noko problem! I løpet av 15-16 timar er eg heime igjen på Frei. Når eg reiser ut igjen dreg eg heimanfrå på laurdag og går om bord på søndag, så det går veldig bra, seier Tommy Nyseter.

Tommy Nyseter

Tommy Nyseter frå Frei er kry av å vere kaptein på verdas største cruisebåt.

Foto: Frode Berg / NRK

– Du har aldri vurdert å ta med deg familien din og flytte hit?

– Nei, eigentleg ikkje. Kona mi har jobb heime, og vi har tre ungar som går i barnehage og på skule. Det er veldig flott å bu i Noreg, synest eg. Eg er vel ein av dei få skipperane som framleis bur i Noreg.

Vinn kampen om verdas lengste

Ein skulle tru Nyseter får så mykje sol og varme at han gler seg til å kome heim til regn og kulde i Møre og Romsdal, men slik er det ikkje alltid.

– Eg må no seie at eg likar betre sola. Men no har eg vald å bu på Nordmøre, og der er vi no ikkje så bortskjemde når det gjeld sol alltid. Men vi har mykje anna flott, så det er absolutt verdt å bu der!

Kapteinen på verdas største cruisebåt trur han vil halde fram med å pendle mellom Frei og Florida i lang tid, og det er ekstra stas å føre eit skip som trass alt er fem centimeter lengre enn sunnmøringen Trym Selvåg sitt.

Truleg var det berre ein sveisar som var unøyaktig med ein sveiseskøyt eller to, men rett skal vere rett, Tommy Nyseter frå Frei vinn kampen om verdas lengste.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL