Hopp til innhold

Meiner kvinnefotballen blir teken meir på alvor

Mykje har skjedd på få år for kvinnefotballen, meiner toppspelaren. – Folk har innsett at det er artig å sjå på damefotball også.

Mette Osvold Muri står på Color Line Stadion og peikar ut på grasmatta, der lagveninnene driv trening.

STOR UTVIKLING: – Eg føler at vi er eit godt stykke på veg for kvinnelege fotballspelarar, seier kaptein på AaFK Fortuna, Mette Osvold Muri.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Søndag såg ein nokre av dei beste kvinnelege fotballspelarane i landet få ein etterlengta opptur i VM. Noreg leverte fotball frå øvste hylle då det gjaldt som mest, uttalte NRKs fotballekspert Bengt Eriksen.

Og det gjer også at interessa blant folk flest aukar.

– Du ser dei siste meisterskapa som har vore, arenaene blir jo fylte. Det viser at noko er på veg. Eg synest det er kult å sjå, seier Mette Osvold Muri, kaptein på AaFK Fortuna.

For berre eit par år sidan spelte førstedivisjonslaget på ein 75 år gammal stadion, utan særleg gode fasilitetar. No er dei nede på same stadion som herrelaget i Eliteserien - og kjenner dei endeleg blir tekne på alvor.

– Det har vorte gjort veldig mykje på veldig kort tid. Eg merkar ein stor forskjell på berre nokre få år tilbake, seier Osvold Muri, som kom til klubben i 2013.

Fleire førebilete

Maria Elena Kvalen, som er tidlegare toppspelar, trur den auka mediedekninga internasjonalt, både av meisterskap og generelt, er med på å løfte opp kvinnefotballen.

– Det fokuset det får, der det er og kor mange publikummarar det er - det bidreg til å få opp auga til folk, seier ho.

Kvalen er no styreleiar for AaFK Fortuna, men har også god kjennskap til korleis kvinnefotballen var for 15 år sidan - då ho herja for Sandviken.

Eg har vorte spurd mange gonger om eg ville valt å vere heiltidsproff sjølv, viss eg hadde moglegheita tilbake i tid. Men det var aldri eit tema for meg å tenkje at eg berre skulle spele fotball.

Ho trur årsaka til det er at det var så få kvinnelege førebilete som levde av fotballen då, i motsetning til no.

– Ein ser no at det kan vere mogleg å leve av det og nå heiltidsproff-draumen, så eg trur fleire og fleire kvinner og jenter tenkjer at «dette må eg tore å satse på».

Mette Osvold Muri står på Color Line Stadion og ser ut på grasmatta, der lagveninnene driv trening.

Mette Osvold Muri seier at mykje meir blir lagt til rette no for også kvinnelege fotballspelarar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Litt lønn, men ikkje nok

Kapteinen seier utviklinga særleg i klubben deira har vore heilt enorm.

Klubben har mellom anna frikjøpt delar av tida til spelarar som jobbar eller studerer, slik at dei kan trene på dagtid.

– Før trena vi på kveldstid etter at alle hadde vore på jobb i åtte timar. No har vi meir tid til restitusjon, familie og slikt, seier Osvold Muri.

Ho understrekar at det framleis ikkje er sånn at dei kan vere fotballspelarar på heiltid.

– Men vi har fått betre vilkår. Vi forventar ikkje at ting skal snu med ein gong og at ein skal bli fotballproff over natta, seier ho.

Les også Yrket der likelønn er utopi

Toppserie

Trenar Frode Fagermo trekkjer fram lønnsgapet mellom kvinner og menn i fotballen, og kallar det astronomisk.

Men det som er plussa er at spelarane har lønn og kan delvis leve av det. Sånn var det ikkje for nokre få år sidan. Vi er i alle fall der at dei får litt lønn for strevet, seier Fagermo.

Vi vil jo berre bli tekne seriøst som fotballspelarar. At folk skal sjå at vi legg ned like mykje innsats og vilje i det vi gjer. At folk skal sjå at vi er profesjonelle fotballspelarar vi òg, seier Kaptein Osvold Muri.

Frode Fagermo går med trenarvesten på på Color Line stadion og trenar AaFK Fortuna-damene. Han ser på spelarane og har ei fløyte i handa.

Frode Fagermo seier kvaliteten på kvinnefotballen har gått opp, og at det derfor er ei naturleg årsak til fleire også tek den på alvor.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nivået har auka

Fagermo ser også at folk si interesse for kvinnefotball aukar, og er krystallklar på kvifor:

Kvaliteten på kvinnefotballen har gått opp, så det er ikkje tilfeldig. Presterer du bra og gjer fine ting, vil folk sjå deg og du får merksemd. Kvinnefotballen har auka enormt i kvalitet, og då får du også ein auke i merksemd.

Under fotball-VM for kvinner i New Zealand og Australia har vi sett mange benkje seg på tribunane. Den same tendensen har dei også sett i Ålesund, fortel styreleiar Kvalen:

Det har vore ein stor auke i publikummet på stadion. Vi har sett publikumsrekord i førstedivisjon med over 1100 tilskodarar, og har hatt 400-500 publikummarar på fleire kampar - og det er jo kjempebra. Det er langt igjen til herrenivå, men det er absolutt ei forbetring, seier Kvalen.

– Eg føler at vi er eit godt stykke på veg for kvinnelege fotballspelarar, seier kaptein Osvold Muri.

VM i fotball for kvinner 2023 i Australia og New Zealand. Norge - Filippinene

VM i fotball for kvinner 2023 i Australia.

Foto: Lise Åserud / NTB

Les også Solveig (16) får proffkontrakt: – Et skritt i riktig retning