Hopp til innhold

Hetsa kvinnefotball i beste sendetid: – Det er ingen som er interessert

Tidlegare landslagstrenar i bryting Fritz Aanes hetsar kvinnefotball i TV 2-programmet «Sofa». Det har skapt reaksjonar.

DSC07197

SKAPAR REAKSJONAR: Fritz Aanes.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Er det seriøst lagd eit TV-program om jentefotball?

Det spør Fritz Aanes då NRK-serien «Kampen» blei vist for han i «Sofa» som gikk på TV 2, sist helg.

Det må jo vere tre sjåarar på heile serien då. Det er ingen som er interessert. Sorry altså.

Som barn turte ikke Cesilie Andreassen å drømme om å spille på et fullsatt Lerkendal. Men nå kan fotballdrømmen bli virkelighet.

Som barn turte ikkje Cesilie Andreassen å drøyme om å spele på et fullsett Lerkendal. Men nå kan fotballdraumen bli verkelegheit.

Les også Hetses i kommentarfelt: «Kvinnefotball er ræva»

Stemningsbilde fra NRK serien Kampen.

– Må ein kjønnsdiskriminere?

Ei som reagerer på Aanes sitt utsegn om kvinnefotball er fotballspelar Ingrid B. Kvernvolden.

Det seier han med ein sånn nedlatande tone. Og eg kjenner at det blir litt sånn – har ein ikkje i 2024 som toppidrettsutøvar kome lengre?

Det spør Kvernvolden då ho var gjest i NRK-podkasten «Heia Fotball» denne veka.

Må ein kjønnsdiskriminere sånn?

Ingrid Kvernvolden

Ingrid B. Kvernvolden reagerer på Aanes si omtale av kvinnefotball.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Også programleiarane Tete Lidbom og Sven Bisgaard Sundet blir oppgjevne av det Aanes seier.

Men han har trena så mange, unge lovande brytarar opp gjennom. Han burde jo vite betre, seier Lidbom.

Skjerpings, Aanes, legg Bisgaard Sundet til.

Ei som også lét seg engasjere i TV 2-serien var Olaug Bollestad. Ho hadde ein klar beskjed til ektemannen, Jan Frode Bollestad, som føretrekker herrefotball framfor kvinnefotball.

– Viss me vil gjere noko for desse jentene så set me oss og ser på fotballkampen. Anten du liker det eller ei. Punktum.

Men det er ikkje første gang kvinnene på Rosenborg blir hetsa.

Hetsa i kommentarfeltet

8. mars 2023, på den internasjonale kvinnedagen, var det premiere på NRK-serien «Kampen».

Men dagen etter vakna kvinnefotballen til hets og nedlatande kommentarar i forbindelse med lanseringa av serien.

«Kvinnefotball er ræva»

«Om man ikkje skjønner kvifor damer tener mindre innan fotball er man berre stokk dum»

«Virkeligheits perspektivet til moderne kvinner er helt absurd»

Det var berre nokre av kommentarane fotballaget fekk i etterkant av lansering av serien.

RBK-kvinnene er på besøk hos gjengen i Unormal.

RBK-kvinnene er på besøk hos gjengen i Unormal.

Eit år seinare kom kommentaren frå Aanes på TV 2-programmet «Sofa». Underhaldingsprogrammet samlar kjendisar med vener og familie for å sjå og kommentere premierar og program-favorittar på norsk TV.

– Fritz Aanes er ein person som via si trenargjerning har vore veldig fritalande og direkte. Dette er hans subjektive meiningar som det vil vere feil av oss å klippe bort, når me har mange forskjellige stemmer som kommentere dei ulike programma.

Det skriv pressesjef i TV 2, Jan-Petter Dahl, i ein e-post til NRK. Han skriv at TV 2 heiar på kvinnefotballen.

Det skal ikkje vere noko tvil om at me i TV 2 heiar på kvinnefotballen. Me har gått i front for å gje kvinnefotballen den plassen han fortener, og satsinga vår på kvinnefotball er stor og omfattande.

– Fjollete haldningar

Til trass for nedlatande og stygge kommentarar aukar stadig interessa for kvinnefotball, fortel sporkommentator i Bergens Tidende, Anders Pamer.

– Det er fjollete haldingar og dei har rett og slett ikkje greie på kvaliteten dei omtaler.

Pamer har følgt SK Brann tett dei siste åra og der har interessa for kvinnelaget auka, spesielt etter at dei kvalifiserte seg til Champions League. Han håper kvinnene som speler fotball ikkje let seg påverke av enkelte sine gamaldagse haldingar.

– Eg håpar kvinnene fokuserer på at tilskodartalet er aukande, interessa er stor og at dei held fram å drive med det dei er gode på, å spele fotball.

Sportskommentatoren kallar dei hetsande kommentarane for «gamaldags pjatt» og at dei som kjem med kommentarane har ei gamaldags oppfatning av oppfatning av sporten.

– Historia vil dømme dei hardt. Det er berre latterleg. Ein av få gamle stereotypiane og diskriminerande tema som heng igjen er rett og slett kvinnefotballen, legg Pamer til.

Anders Pamer

Anders Pamer.

Foto: NRK

Vil gi svar i podkast

I ein kort kommentar til NRK, svarer Fritz Aanes at svaret kjem i hans eigen podkast måndag.

– Takk for at du tek opp ei så viktig sak, skriv han.

Les også Brann sleit seg til ny siger i Meisterligaen: Dermed rykker heile Noreg opp på Uefa-rangeringa

5yUwrLyCrts