Hopp til innhold

Kan vere slutt på 10-års ventetid for ny folkehøgskule

I snart 10 år har det vore jobba med ein folkehøgskule i Aure, men no er trua på at skulen skal kome på plass sterkare enn nokon gong.

Iver Nordseth og Pål Farstad

Iver Nordseth (V) og Pål Farstad kjempar for ny folkehøgskule i Møre og Romsdal.

Dette skal etter planen bli ein folkehøgskule litt utanom det vanlege. «Jappe Ippes folkehøgskole» skal ha fokus på havrommet og gründerverksemd, og dermed legge rette til arbeidsmarknaden for framtida.

– På Nordmøre er det allereie utdanningsvegar i til dømes havteknologi og undervassteknologi, og slik sett blir ideen til Jappe Ippe eit supplement, meiner Iver Nordseth, som er ein av dei som står i front for å få folkehøgskulen på plass.

Iver Nordseth Venstre

Iver Nordseth er ein av dei som jobbar med planane om folkehøgskule.

Foto: Trond Vestre/NRK

Sjølve namnet, Jappe Ippe, kjem frå ein kjøpmann som kom til områet og hadde suksess på 1600-talet.

– Den gründertanken er nokså lik prosjektet vårt, som også er næringsretta.

Støtte frå mange

Nordseth meiner ein stadig kjem nærare ein oppstart, men vedgår samtidig at ei statleg løyving er avgjerande. Men arbeidet pågår, og ifølge Nordseth er støtta stor frå ulike instansar.

Aure kommune, Nordmøre Næringsråd og Møre og Romsdal Fylkeskommune er mellom dei som har gitt og/eller signalisert støtte til folkehøgskuleplanane.

Stortinget manglar altså, men Nordseth viser til budsjettforhandlingane i fjor, der utdannings- og forskingskomiteen hadde ein merknad om at havrommet og kysten vil vere eit viktig og positivt tilskot til opplæringstilbodet i Noreg.

Pengar til oppstart i 2017-budsjettet?

Pål Farstad

Pål Farstad blir beden om å ta folkehøgskulen med i budsjettforhandlingane.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er i forlenginga av dette vi utfordrar Venstre og Kristeleg Folkeparti, som skal vere med og forhandle om budsjettet, fortel Nordseth, som sjølv representerer Venstre.

Som eit ledd i dette kjem Venstres Pål Farstad på besøk til Aure i dag. Han skal bli orientert, og etter planen ta med seg dette til sitt parti og dei komande budsjettforhandlingane.

– Venstre og KrF har tradisjonelt vore sterkt for ei satsing på folkehøgskular, og vi håpar at dei kan sørge for eit gjennomslag i budsjettforhandlingane. 700 000 kroner i oppstartsmidlar for 2017 er ingen stor sum. Men i 2018 håpar vi på driftsmidlar på mellom tre og fire millionar kroner, seier Nordseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL