Hopp til innhold

Rekordmange går berre eit halvår på folkehøgskule: Tuva (20) føler at ho heng etter

Mens færre går eit heilt år på folkehøgskule, aukar talet på elevar som tar eit halvår. Folkehøgskuleorganisasjon trur mange unge føler dei har dårleg tid.

Tuva Gjerdrum Vatland etter å ha bada i Sognefjorden.

HALVT ÅR: Tuva Gjerdrum Vatland (20) går berre eit halvt år på folkehøgskule. Ho kjenner på at det hastar å kome i gang med studia.

Foto: Henning Levold

– Første skuledag på nyåret måtte vi berre hoppe i det!

20 år gamle Tuva Gjerdrum Vatland snakkar ikkje berre om badet elevane på Sogndal folkehøgskule tar kvar månad i den iskalde fjorden.

Dei fleste elevane på skulen byrja i august og hadde allereie blitt godt kjent med kvarandre.

Da Tuva og eit knippe andre elevar byrja i januar måtte dei også hoppe inn i den etablerte «folkehøgskulebobla».

Ho er ikkje aleine.

Dei siste åra har færre unge søkt folkehøgskule. Samstundes er det på landsbasis fleire som søker seg inn til halvtårskurs.

Mens folkehøgskulane berre hadde 32 søkarar til halvtårskurs våren 2020, var talet i år 245.

På same tid har talet på elevar som går eit heilt år gått frå 7595 til 6277, ifølge Informasjonskontoret for folkehøgskulen.

Vetle Viaseth (19), Alexander Rosen (19) og Tuva Gjerdrum Vatland (20) på brygga ved Sogndal Folkehøgskule.

GODT MOTTATT: Vetle Wyspianski Liaset (19), Alexander Rosen (19) og Tuva Gjerdrum Vatland (20) blei tatt godt i mot da dei starta midtvegs i skuleåret.

Foto: Henning Levold / NRK

For mykje med enda eit friår

– Eg føler litt på at eg heng etter, sjølv om eg skjønner at eg eigentleg ikkje gjer det, seier Tuva.

Ho stortrivast på folkehøgskulen, men synest eit halvt år på folkehøgskule er nok.

– No har eg brukt eit halvt år på å ta opp fag for å kome inn på studiet eg vil inn på. Eitt heilt år til før eg byrjar å studere blir i meste laget. Det er greitt å berre kome i gang med studia.

Skulekameraten Vetle Wyspianski Liaset kjenner på noko av det same.

– Eg har jobba eit halvt år, og til hausten skal eg i militæret. Da passa det bra med eit halvt år på folkehøgskule. Eit friår til etter militæret blir nok for mykje.

Middag på Sogndal folkehøgskule

KLAR PLAN: Etter eit halvt år på folkehøgskule skal Vetle eit år i militæret. Alexander har ein studieplass i USA som ventar.

Foto: Henning Levold / NRK

Stressa ungdom

Dorte Birch peikar på at fleire kjenner til halvtårskurs som ein del av forklaringa. Ho er dagleg leiar for Informasjonskontoret for folkehøgskulen. Samstundes trur ho også mange unge føler på stress.

– Mange føler dei har dårleg tid og trur dei må kome i gang med jobb eller studium rett etter vidaregåande.

Dorte Birch, daglig leder hos Informasjonskontoret hos Folkehøyskolen.

TRUR MANGE STRESSAR: Dorte Birch trur mange av elevane som vel halvtårskurs angrar på val av studium.

Foto: Svein Finneide / Svein Finneide

Ho trur ein av grunnane til den store auken i halvårselevar kjem av at mange angrar på valet dei tar.

– Mange byrjar på ei utdanning som blir feil for dei og droppar ut. Da kan det passe bra med eit halvtårskurs på folkehøgskule før ein vel igjen.

– Krevjande å vere ungdom

Også rektor ved Sogndal folkehøgskule, Ole Karsten Birkeland, trur at ungdommen er meir stressa enn før og at dette kan vere ein del av forklaringa på at fleire vil gå halvtårskurs.

– Krig, dyrtid, usikkerheit og påverknad frå samfunnet gjer nok at det er krevjande å vere ungdom i dag.

Rapporten UNG2024 viser at 40 prosent av unge i alderen 15-25 år er bekymra for ikkje å få den jobben dei ønsker. 42 prosent bekymrar seg for skole og utdanning. Det er ungdommen i Oslo som er mest bekymra.

Rektoren skulle gjerne sett at fleire ville ta eit heilt år på skulen, men er glad for også å kunne tilby halvårskurs.

– For mange er det svært praktisk å kunne ta eit halvt år på folkehøgskule. Det er vi glad for å kunne tilby og eg trur mange får eit veldig fint halvår hos oss.